Laksemangel gir meir foredling
MEIR PENGAR, STABILT VOLUM: Prisauke gjorde at driftsinntektene gjekk opp for Ocean Supreme i fjor. Botholf Stolt-Nielsen og resten av eigarane tek ut 20 millionar kroner i utbytte etter 2016.
Nytt

Laksemangel gir meir foredling

Skal oppdrettsnæring oppretthalde lønsemda må det bli meir foredling meiner Botholf Stolt-Nielsen i Ocean Supreme. Selskapet deler ut rekordutbytte også etter 2016. 

20.04.2017
Prisauke og gunstig valutautvikling gav lakseeksportselskapet Ocean Supreme i Ålesund eit overskot før skatt på 40 millionar kroner i fjor. Eigarane tek ut 20 millionar i utbytte, som nok ein gong er ny rekord.

Men stopp i produksjonsveksten set marginane i oppdrettsnæring under press. Stolt-Nielsen er overtydd om at vegen til å oppretthalde og auke lønsemda er å levere meir ferdiglaga produkt - på bekostning av heil sløyd laks - for å nå kundane med størst betalingsevne og -vilje.
- Bearbeidd (laks, red merk.) veks raskare enn sløyd laks, seier Stolt-Nielsen.

Teknisk gjennombrot

I dag skjer i hovudsak berre deler av foredlinga i Noreg. Skal det endre seg må det eit teknisk gjennombrot til, slik Stolt-Nielsen ser det.
Problemet for foredling i Noreg å kunne fjerne dei såkalla tjukkbeina (pinbones på engelsk) rett etter slakting. Automatisert filitering er på plass, slik at det kan gjerast på slakteriet. Men for å fjerne tjukkbeina må laksekjøtet gjennom rigorfasen, der kjøtet blir stivt. Det skjer først etter eit par dagar, og då er tjukkbeina råd å få ut med maskiner som er utvikla i dag.
Først når det er råd å ta ut tjukkbeina rett etter slakting blir det råd å kutte og pakke laksen ferdig i porsjonspakkar i Noreg, meiner Stolt-Nielsen. Inntil vidare blir det gjort i utlandet. For Ocean Supreme, som eksporterer 70-80 prosent av fisken sin til Asia, er mykje av porsjonspakkinga plassert i Nederland.

Tett samarbeid

Ocean Supreme samarbeider tett med fleire oppdrettarar, i fleire regionar i Noreg. Det er nødvendig for å greie å oppretthalde stabiliteten i forsyningane til kundane, seier Stolt-Nielsen.
I dag stangar norsk oppdrettsnæring i taket for kor stor den skal bli. Grunnen er reguleringar i produksjonen på grunn av vanskar med mellom anna lakselus.
Det er gjort at oppdrettarane dei siste åra er blitt meir opptatt av å tilpasse seg produksjonstaket, i staden for etterspørselen i marknaden. Den einskilde oppdrettar står mindre fritt til å styre når det skal slaktast, og då er det viktigare å ha fleire leverandørar.

Tøffare i Kina

Før fredsprisutdelinga til kinesiske Liu Xiaobo i 2010 var Noreg dominerande lakseeksportør ti Kina. Den posisjonen tvilar Stolt-Nielsen Noreg vil klare å gjenerobre.
Vekstrestriksjonane i Noreg medverka til at gjennomsnittleg slaktevekt pr. fisk gjekk ned i fjor. I Kina etterspør marknaden tradisjonelt større fisk, og der vil konkurrentar i Chile og på Færøyane kunne levere meir.

Sju eigarar

Botholf Stolt-Nielsen og lakseoppdrettar Gerhard Alsaker eig kvar 25 prosent av Ocean Supreme.
Thomas Lupke eig 20 prosent. Odd Frode Roaldsnes eig 10 prosent, og det same gjer Arne Nore/Kirstel Grotle. Geir Robin Hoddevik eig seks prosent og Darryl K. Pedersen fire prosent.


Publisert: 20.04.2017 13:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08