Lakselusa tilpassar seg nye avlusingsmetodar
TILPASNINGSDYKTIG: Lakselusa kan tilpasse seg også medikamentfrie avlusingsmetodar, viser forsøk som er gjort i Bergen.
Nytt

Lakselusa tilpassar seg nye avlusingsmetodar

Heller ikkje medikamentfrie behandlingsmetodar ser ut til å ta knekken på lakselusa i lengda, viser forsøk gjort i Bergen.

18.08.2017
NPK: Etter at lakselusa utvikla resistens mot kjemikal, har oppdrettsnæringa tatt i bruk andre metodar som ferskvatn og lunkent varmtvatn for å fjerne lusa. Men no viser laboratorieforsøk som Senteret for lakselus ved Universitetet i Bergen har gjort, at lusa kan tilpasse seg også desse metodane, skriv .

– Lakselusa kan bli mindre kjensleg for ferskvatn og varmt vatn. Ein del lakselus vil overleve vassbehandlinga og bli litt meir motstandsdyktige mot slik behandling neste gong. Om vi bruker vassbehandling lenge nok og intenst nok, kan lakselusa tilpasse seg behandlinga, seier forskingsleiar Kevin Glover ved Havforskingsinstituttet til avisa.

Tilpassar seg raskt

Glover trur ikkje lakselusa kan bli heilt resistent mot ferskvatn, men at ho kan utvikle seg slik at ho toler meir, slik at behandlinga ikkje fungerer så bra på sikt. Lusa reproduserer seg raskt og har alle føresetnader for å tilpasse seg dei metodane ein prøver å drepe henne med, slår han fast.
Funna kan vere alvorlege for laksenæringa, der fleire oppdrettarar no har hatt gode avlusingsresultatet med ferskvassbad. Næringa er avhengig av slike nye metodar for å kunne vekse. Problema med sjukdom, lakselus og forureinande kjemikalie har stått i vegen for vidare produksjonsvekst sidan 2012.

– Ekstremt alvorleg

– Dette er ekstremt alvorleg. Om ikkje næringa raskt finn ei løysing, kan ho ikkje vekse, og ho kjem til å møte enda større konfliktar med villaksinteresser, miljørørsle og kyst- og fjordfiskarar, seier administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri, der mellom andre oppdrettsgiganten Marine Harvest er medlem.
Kevin Glover ser ikkje vekk frå at lakselusa i havet allereie har utvikla auka overlevingsevne i ferskvatn og oppmodar næringa til å undersøkje om det kan vere tilfelle. Dei beste oddsa har oppdrettarane viss dei sørgjer for å variere mellom ulike avlusingsmetodar, meiner han.
– Oppdrettarane bør variere metodane dei nedkjempar lakselusa med. Viss ein vekslar mellom heilt forskjellige behandlingar, kan kvart av tiltaka vare lenger, seier Glover.

Publisert: 18.08.2017 14:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13