Lagt i langvarig opplag
OPPLAG: PGS har lagt Kleven-bygde Sanco Sword i kaldt opplag i Farsund.
Nytt

Lagt i langvarig opplag

PGS har lagt seismikkskipet Sanco Sword i kaldt opplag. Sanco har sagt opp mesteparten av mannskapet.

31.08.2016
- For oss har dette ikkje så stor økonomisk betydning ettersom vi har ein langtidsavtale på utleige av skipet til PGS.
Det seier Sanco Shipping-reiar Ivar Slettevoll i Gjerdsvik-reiarlaget.
Selskapet har sju skip fordelt på reine seismikkskip og støttefartøy for seismikk. I slutten av fjoråret vart støttefartøyet Sanco Sky lagt i opplag på Moltu.
No er eitt av dei nyaste seismikksipa, Sanco Sword, lagt i opplag i Farsund.
Slettevoll seier at skipet i første omgang er lagt i opplag til våren neste år.
- Men opplaget kan kome til å vare lenger.

Vernar norske offiseraar

Sanco har sagt opp mannskapet på skipet. Unntaket er dei norske toppoffiserane.
- Vi prøvar å behalde desse. Nokre er alt omplasserte.

Frå Dolphin til PGS

96 meter lange og 23 meter breie Sanco Sword vart levert frå Myklebust verft til Sanco i 2014. Skipet opererer med 12 seismikk-kablar, og vart opphaveleg bygt for oppdrag for Dolphin Geophysical, eit selskap som gjekk konkurs.
I oktober 2015 lukkast det Sanco å få ny avtale med PGS for Sanco Sword og søsterskipet Sanco Swift.

Les her:


- Sanco Swift operer no i Nordsjøen, opplyser Ivar Slettevoll.
Opplaget kan kome til å vare lenger

Publisert: 31.08.2016 11:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00