Lagar straum naar han rullar
PRIS: Peder O. Lie i Liegruppen hadde godt besøk på standen etter at Liegruppen fekk Nor-Fishings Innovasjonspris 2018. I bakgrunnen (med skjegg) står Egil Samdvik i  Salt Ship Design, som var med på å designe skipet.
Nytt

Lagar straum når han rullar

Liegruppen får pris for nyskapande fiskebåt.

21.08.2018
Saman med Egil Sandvik frå skipdesignselskapet Salt Ship Design fekk Peder O. Lie frå Liegruppen i dag Nor-Fishings innovasjonpris 2018.
Prisen vart delt ut av fiskeriminister Harald Tom Nesvik, som også held opningstalen på messa.
Det nye skipet er eit pelagisk kombinasjonfarty som både kan fiske med trål og not.
Juryen grunngav kåringa med at båten har eit stort potensiale for å påvirke marknaden i positiv retning, med energisparande og miljøvennlege nyvinninga.
Liegruppen/Salt Ship Design konkurrerte mellom anna med Hareidselskapet Stø Technology.

Gass

Båten blir driven av naturgass. Gassmotorane ladar batteri som driv dei elektriske motorane. Batteria gjer det og råd å ligge ved kai utan å sleppe ut røyk.
- Du kan ligge i byen utan å forureine, seier Peder O. Lie.
Gassmotorane skal gå jamnt, medan elmotorane variere med belastninga. Det betyr mellom anna at batteria blir lada når båten er på veg ned i ei bølge og tappa når den går opp.
Kjem bølgene frå sida, og båten rullar, gjer tankar med vatn og små turbinar inne i båten av båte kan produserer straum under rulling.

Stor interesse

Salt Ship Design har ein modell av båten på sin stand på Nor-Fishing i Trondheim. Den samla stor interesse i dag, også frå fiskebåtreiarar frå Sunnmøre.
I tillegg til

Publisert: 21.08.2018 16:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25