Laga svelerobot paa under to veker
PROTOTYPE: Sveleroboten er førebels halvautomatisert. Ein vidareutvikla versjon skal ikkje trenge hjelp av utviklarane Håkon Krabbestig og Sergey Maximov for å få svelene klare til servering. 
Nytt

Laga svelerobot på under to veker

Med to robotarmar, ei sveletakke, ein tank med røre og eit dataprogram får Håkon Krabbestig og Sergey Maximov steikt sveler på løpande band.

27.09.2018
Krabbestig og Maximow sin svelerobot blei raskt den største attraksjonen på Ocean Talent Camp, som blir arrangert på Fagskulen i Ålesund og NTNU Ålesund i dag.

Dei to er bachelorstudentar i produkt- og systemdesign ved NTNU og rettleiarar ved utviklingslaboratoriet Fab Lab, der studentar får sjansen til å utvikle og teste ideane sine.
Fab-lab står for fabrication laboratory, og er ein avansert prototypeverkstas som er ope for studentane heile tida, og spring ut fra ein ide som opprinnelig blei klekt ut på MIT, Massachuettes Institute of Technology i Boston.
For å ha ein attraksjon klar til Ocean Talent Camp, der over 2000 elevar og studentar kjem innom dørene, hadde Krabbestig og Maximov under to veker på seg.
No står det bak arbeidsbenken og overvakar og samarbeider med sveleroboten for å servere sveler til tilskodarane som er innom.
Dagens versjon er ikkje fullautomatisert, det er Krabbestig og Maximov som må smøre takka og styre når det skal sprøytast på røre og når svelene skal snuast og takast av. Det er operasjonar som må automatiserast om dei to skal gå vidare med å utvikle sveleroboten, i følgje Krabbestig.

Publisert: 27.09.2018 12:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26