Laagare inflasjon enn venta men renta blir truleg likevel heva
RENTEHOPP: Sjefanalytikar Erik Johannes Bruce i Nordea Markets trur på renteauke neste veke.
Nytt

Lågare inflasjon enn venta – men renta blir truleg likevel heva

Kjerneinflasjonen enda på 2,1 prosent i august. Det er lågare enn både analytikarane og Noregs Bank spådde

10.09.2019
NPK-NTB-Isabel Bech: Truleg blir renta likevel heva neste veke.
Analytikarane venta på førehand at kjerneinflasjonen ville halde seg uendra på 2,2 prosent i august, medan Noregs Bank hadde anslått 2,3 prosent.
Kjerneinflasjonen har vore 0,2 prosentpoeng lågare enn Noregs Banks anslag dei siste to månadene, påpeikar sjefanalytikar Erik Johannes Bruce i Nordea Markets.
Bruce trur likevel at Noregs Banks vil heve renta under rentemøtet neste veke.

Trur renta blir heva

– Det er eit argument for ei lågare rente i 2020, men ikkje nok til å forhindre ei heving i september, seier han.
I september 2018 vart renta sett opp for første gong på fleire år. Styringsrenta vart då sett opp frå 0,5 til 0,75 prosent.
Deretter er han sett opp ytterlegare to gonger, sist i juni. Styringsrenta er no på 1,25 prosent.

Tilbod på flyreiser

Tolvmånadersveksten i KPI for august 2019 var 1,6 prosent, ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå juli.
Den største bidragsytaren til oppgangen var husleige for bustad, som hadde ein prisauke på 1,8 prosent frå august 2018 til august i år.
I tillegg bidrog oppgang i prisar på restauranttenester og flyreiser til endringa, medan straumprisane trekte ned tolvmånadersveksten

Lågare priser på mat og møblar

Frå juli til august gjekk konsumprisindeksen ned 0,7 prosent.
Det kjem mellom anna av lågare prisar på flyreiser. Prisfallet her var på 21,1 prosent i august. Utviklinga er tilnærma lik i august tidlegare år.
Også prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer bidrog til nedgangen. Desse prisane gjekk ned 2,4 prosent frå juli til august.
Det var dessutan tilbod på møblar i august. Gruppa møblar, teppe og anna golvbelegg viste ein prisnedgang på 5,4 prosent, og bidrog dermed til ein nedgang i KPI.
Tannhelsetenester trekte opp prisane og dempa dermed nedgangen i KPI. Prisoppgangen var 7,2 prosent frå førre måling i januar.

Publisert: 10.09.2019 16:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39