LO og NHO ber regjeringa om tiltak for vasskraft i Noreg
MEIR UTBYGGING: 20 organisasjonar har gått saman for å få meir vasskraftutbygging og utbetring av gamle vasskraftanlegg i Noreg.
Nytt

LO og NHO ber regjeringa om tiltak for vasskraft i Noreg

LO og NHO frontar eit opprop der over 20 organisasjonar ber regjeringa om konkrete tiltak for å auke produksjonen av fornybar energi frå vasskraft i Noreg.

19.02.2020
NPK-NTB: – Auka produksjon av fornybar energi er avgjerande for å stoppe klimaendringane. Vasskrafta er vår viktigaste og mest fleksible fornybarkilde, men halvparten av produksjonen har runda 50 år og nærmar seg teknisk levealder. Det hastar med å legge til rette for ein vidareutvikling av vasskrafta, heiter det mellom anna i brevet, som er underteikna LO, NHO, Energi Norge, Bellona, Zero og ei rekke andre organisasjonar.

Skjerme for skatt

For å stimulere til meir vasskraftproduksjon i Noreg og oppgradering av eksisterande anlegg, blir det presentert to konkrete tiltak. Regjeringa blir bedt om å skjerme normal avkasting i det enkelte kraftverket frå grunnrenteskatt.
– Dette er eit effektivt verkemiddel for å få modernisert norske vasskraftverk, står det i brevet.
Grunnrenteskatt er ein skatt på ekstra overskot eit selskap får gjennom å få ein eksklusiv rett til å utnytte naturressursane i fellesskapet. Kraftbransjen sjølv meiner det er innretninga av grunnrenteskatten i dag som hindrar investeringar.

Vil behalde inntekter

Det andre regjeringa blir beden om å gjere, er å behalde ordningar som gir vertskommunane og -fylka direkte inntekter frå vasskrafta.
Brevet til regjeringa vil bli overlevert til finansministeren ved første moglegheit og kjem i kjølvatnet av at regjeringa kunngjorde at den legg bort forslaga frå kraftskatteutvalet om endringar av vasskraftskatten onsdag. Forslaget frå utvalet om å ta frå kommunane dei direkte inntektene møtte kraftig motbør.
Finansminister Jan Tore Sanner (H) meiner at vasskraftskattlegginga fungerer godt slik ho er forma ut i dag.
– Utvalet har peika på nokre forbetringspunkt, men forslaga har ikkje fått støtte i høyringa. Dagens system oppfyller viktige krav til skatting av ein fellesressurs som gir grunnrente, og så vurderer vi innretninga på skattesystemet kvart år i statsbudsjettet, seier han i ein kommentar til NTB.

Framleis utfordring

Kort etter kunngjeringa bad Jonas Gahr Støre (Ap) regjeringa setje i gang med å finne svaret kraftskatteutvalet skulle gi: Korleis det skal bli lønnsamt å ruste opp kraftverka.
Energi Norge skriv i ein e-post til NTB at dei støttar avgjerda til regjeringa om å droppe skatteforslaga, men understrekar at å legge bort forslaga ikkje løyser skatteproblemet til vasskrafta.

Publisert: 19.02.2020 08:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53