LO leiaren utolmodig om permisjonsreglar
MØTTE STATSRÅDAR: NHO-direktør Ole Erik Almlid (t.v.) og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen møtte onsdag fleire statsrådar for å diskutere permisjonsreglane. 
Nytt

LO-leiaren utolmodig om permisjonsreglar

Regjeringa bør leggje fram avgjerda si innan «veldig, veldig kort tid», meiner LO-leiaren.

12.08.2020
(NPK-NTB): Regjeringa bør «veldig, veldig raskt» leggje fram avgjerda si om permisjonsordninga skal utvidast ytterlegare, meiner LO-leiaren.
Hans Christian Gabrielsen gir uttrykk for å vere utolmodig og at det no hastar med å få ei avgjerd på plass. Permisjonsordninga vart utvida i vår på grunn av koronapandemien, men perioden spring ut i oktober.
Representantar frå arbeidsliv og næringsliv var samstemde i meldinga si til regjering om at dei ønskjer ordninga utvida til 52 veker. Onsdag møtte dei tre statsrådar til samtalar om temaet.
– Den avgjerda burde allereie vore på plass før sommaren. Det seier seg sjølv at han er overmoden, så no forventar eg at regjeringa tek avgjerda i løpet av veldig, veldig kort tid, seier Gabrielsen til NTB.

Vurderer oppseiingar

Også NHO er bekymra for at det kan gå mot unødvendige oppseiingar og er opptekne av å sikre føreseielegheit. NHO-direktør Ole Erik Almlid opplever regjeringa som lydhøyre.
– Eg antek det kjem svar i løpet av nokre dagar, seier han.
Både LO og NHO påpeikar at det å gå til oppseiingar kan dreie seg om lange prosessar. Sjølv om permisjonsperioden går ut i oktober, er det mange bedrifter som allereie no sit og vurderer oppseiingar.
Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil ikkje antyde når avgjerda kjem, men gjorde det klart at det er snakk om kort tid.

Les også:


Ny arbeidsgivarperiode

Éi moglegheit er at bedrifter må dele byrda ved at det kjem ein ny arbeidsgivarperiode. Då vil arbeidsgivar måtte dekkje lønn for dei tilsette i eit visst tal dagar før ein ny permisjonsperiode kan starte.
– Vi har sagt til Stortinget at viss det blir aktuelt med ytterlegare forlengd permisjonsperiode, vil vi sjå på ny arbeidsgivarperiode. Det gjeld framleis, seier Isaksen.
LO-leiaren viser til at eit slikt grep vart teke både under finanskrisa og under oljeprisfallet.
– Vi får ta ein diskusjon på om vi skal ha det og i så fall varigheita. Det er viktig å ikkje leggje for stor økonomisk byrde på bedrifta, seier han.

Næringsretta krisepakkar

LO og NHO hadde følgje med representantar frå Virke, Unio, KS, Akademikerne, Spekter, YS, SMB og Norges Rederiforbund for å gi innspel til regjeringa på møtet onsdag.
– Vi ser at aktiviteten har gått oppover, men det betyr ikkje at krisa er over. Det har gått igjen frå alle partar i dag, seier finansminister Jan Tore Sanner (H) etter møtet.
Situasjonen ser annleis ut i haust enn han gjorde i vår, då store delar av landet var stengt ned. No er det enkelte næringar som blir hardt ramma, og det vil derfor vere viktig å finne kompensasjonsordningar som er meir spesifikt innretta, lydde innspela.
Sanner peikar på eksportnæringa, som no merkar den tydelege internasjonale nedgangen. Europa kan få ein nedgang i BNP på 10 prosent i år, påpeikar han.
– Vi er ein liten, open økonomi og er avhengig av internasjonale marknader, seier Sanner.
– Det andre er reiseliv, konferansemarknaden og kultur. Der ser vi at det vil vere utfordringar, legg han til.
(©NPK)

Les også:


Scandic Parken-direktør

:

 Vi ser at aktiviteten har gått oppover, men det betyr ikkje at krisa er over. Det har gått igjen frå alle partar i dag

Publisert: 12.08.2020 16:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01