Kuttaren som skal hindre ny ulukke
KUTTAR: Med dette utstyret frå Control Cutter kan ei tjukk ankerkjetting kuttast på eitt sekund.
Nytt

Kuttaren som skal hindre ny ulukke

Bourbon Offshore vil installere utstyr som kan kappe ankerkjettinga i ein krisesituasjon.

29.12.2014
- Ja, vi ser på ulike løysingar, seier adm. dir. Bjørn Idar Remøy i Herøy-baserte Bourbon Offshore.
Selskapet har gjort avtale med det Tananger-baserte selskapet Control Cutter om å installere deira løysing på eit ankerhandeteringsfartøy som skal leverast frå Vard Brattvaag i første kvartal 2016.
- Vi gjer alt klart for å ha to av Control Cutter sine kuttemaskiner på plass, seier Remøy.

Må planleggast

Bourbon Offshore har i dag fire ankerhandteringsfartøy. Remøy seier at ein vurderer å ha om bord liknande utstyr på andre fartøy.
- Utstyret tek litt plass, så det må planleggast for å installere utstyret. Vi ser også på kva Rolls-Royce og andre aktørar kjem opp med av andre løysingar, seier han.

Starta utvikling etter Bourbon Dolphin

Det var etter Bourbon Dolphin-forliset i 2007 at arbeidet starta med å utvikle utstyr som kunne kappe ankerkjettinga i ein krisesituasjon. At dette ikkje skjedde med Bourbon Dolphin var ei av hovedårsakene til at fartøyet kantra og seinare sakk.
Utstyret kan monterast fast om bord i fartøy, men kan også styrast med kran eller ROV-ar (ubemanna miniutbåtar) og kutte mellom anna wire og kjettingar i sjøen.
- Vi har absolutt tru på Control Cutter-systemet, seier Remøy.

Kutta kjetting på eitt sekund

Selskapet Control Cutter har samarbeidd med Statoil og seks offshoreselskap om utvikling av utstyr, og i november 2013 vart første utstyret montert om bord i DOF sitt ankerhandsteringsfartøy Skandi Vega.
Nyleg testa Skandi Vega systemet og i løpet av eitt sekund vart ei 84 millimeter tjukk ankerkjetting kutta.
– Det var herleg å sjå at den fungerte akkurat som venta, seier Petter Birkeland til .

Typisk krisesituasjon

Det er Birkeland som har utvikla verktøyet.
Teknisk Ukeblad opplyser at under testen på Skandi Vega var belastninga på mellom 150-200 tonn.
– Det var for å simulere ein typisk krisesituasjon med reelle lastar, seier Birkeland.
Vi gjer alt klart for å ha to av Control Cutter sine kuttemaskiner på plass

Publisert: 29.12.2014 12:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39