Kuttar i hotell kontingenten
REDUSERT PRIS: Hotella betaler kontingent pr. gjest til Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. No blir satsen vesentleg redusert for å sikre at hotella vil halde fram som medlemar. 
Nytt

Kuttar i hotell-kontingenten

Hotella får kontingentkutt i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

19.09.2018
Etter at rundt ti hotell har meldt seg ut av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre har styret arbeidd med ein plan for å sikre framleis drift av reiselivselskapet.
Den inneber mellom anna "ein vesentleg reduksjon i kontingenten til hotella", seier styreleiar Bjarne Rekkedal i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Kuttar kostnadar

På det ekstraordinære årsmøtet i reiselivselskapet 1. oktober skal medlemane ta stilling til eit nytt budsjett for 2019 som både inneheld redusert kontingent frå hotella og kostnadskutt. Til saman skal det gi eit budsjett i balanse.
Hotella betaler cirka 1,5 millionar kroner i kontingent i dag, og kontingenten er fastsett ut frå kor mange gjester dei har. Det er den satsen som no skal reduserast.
Blant kostnadskutta i reiselivsselskapet er avviklinga av eit prosjekt retta mot å kurs og konferanse-marknaden.
Rekkedal seier han no er optimistisk med omsyn til å få hotella tilbake i reiselivsselskapet.

Internasjonalt arrangement

Neste vår er Destinasjon Ålesund & Sunnmøre saman med Innovasjon Norge vert for eit stor internasjonalt reiselivsarrangement, "Norwegian Travel Workshop", der rundt 400 internasjonale reiselivsaktørar møter norske reiselivsaktørar.

Det arrangementet er arbeidskrevande for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og ein viktig grunn til at Rekkedal håpar det ekstraordinære årsmøtet samlar reiselivsnæring på Sunnmøre bak destinasjonsselskapet.

Publisert: 19.09.2018 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26