Kuttar ferjeprisane med 20 prosent
Nytt

Kuttar ferjeprisane med 20 prosent

Fylkesutvalet senker prisane på fylkesferjene og plussar på nokre millionar i krisepakka til næringslivet.

Marius Rosbach
07.04.2020
Fleirtalet i fylkesutvalet i Møre og Romsdal vil kutte prisane på fylkesferjene med to takstsoner – om lag 20 prosent ut juni månad. Det kom fram under tysdagens videomøte i utvalet.
I hovudsak ønsker fylkespolitikarane å gå for krisetiltaka . Fleirtalet med mellom anna Ap og Sp, vil likevel plusse på nokre millionar, slik at den endelege storleiken på krisepakka kom opp i 187 millionar kroner.
Vedtaket skal vidare til behandling i fylkestinget 20. og 21. april, som blir arrangert som eit videomøte.

Les også:



Følgjer Stortinget

Førebels er det uklart kva tid dei reduserte ferjeprisane vil gjelde frå. Fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen (Ap) fortel til NETT NO at dei ønsker å senke prisane så raskt som mogleg, men at dei førebels ikkje er sikre på om det er mogleg å gjere det før fylkestinget har gjort sitt vedtak.
Ein reduksjon på kring 20 prosent er i .

Frp ville vidareføre prisreduksjonen på ferjene ut året, men fekk ikkje med seg fleirtalet på dette.
Før fylkestinget blir arrangert, vil gruppeleiarane møtast for forsøke å komme fram til eit samrøystes forslag.
(ekstern lenke)

Vil prioritere trafikktrygging

Kjølmoen fortel at fleirtalet også la inn eit punkt om at dei vil prioritere mindre tiltak for trafikktrygging, om det kjem ei statleg krisepakke som treffer fylkeskommunen.
– Det er tiltak som gjerne kan startast opp raskt, og som det er mogleg at lokale entreprenørar tek på seg, seier han til NETT NO.
Eit annet tiltak dei trur kan treffe lokale firma, er å utgreie moglegheitene for å ta i bruk solcellepanel ved fylkeskommunale bygg.
I forslaget ligg det også inne eit punkt om å sette av midlar til omstilling i næringslivet, som dei vil ha opp som eige sak på eit seinare tidspunkt.
– Vi ser at dette kan vere starten på ei krise som råkar Møre og Romsdal ganske hardt. Då trur vi det er viktig at fylkeskommunen tek ei slik rolle, seier Kjølmoen.
Fleirtalet påpeiker at fylkeskommunen ikkje vil trekke tilbake støtte til kulturarrangement som blir avlyst som følge av koronakrisa.

Har store inntektstap

Fylkeskommunen har ikkje permitterte tilsette som følgje av koronakrisa. Likevel tapar dei betydelege inntekter – i .
Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik opplyste i møte at dei anslår eit tap på kring 60 millionar i månaden på tapte billettinntekter og kring to millionar i månaden på tannhelsepleie.
Dette er inntekter ein reknar med at sentrale styresmaktene vil dekke for en viss periode.

Les også:


Mest til samferdsel

Samferdsel får den største potten i tiltakspakka og kring 70 millionar går til denne sektoren.
Av dette skal 36 millionar gå til drift og vedlikehald av fylkesvegane, 14 millionar til asfaltering, 10 millionar til utbetring av gang- og sykkelvegar og 9 millionar til andre trafikktryggingstiltak på fylkesvegane.

Skule, byutvikling og kultur

Den andre store potten i krisepakka går til utdanningssektoren med 50 millionar kroner til skulebygg.
Det skal lysast ut anbod på 12,5 millionar til enklare vedlikehald og reparasjonar. I tillegg vil fylkeskommunen bruke 37,5 millionar kroner til større vedlikehaldsprosjekt og ombygging ved nokre av dei vidaregåande skulane.
Pakka inneheld også mellom anna 22 millionar til kulturfeltet og 23 millionar til byutviklingsprosjekt i Kristiansund, Molde og Ålesund.
(lenke til PDF-fil)
(ekstern lenke)

Publisert: 07.04.2020 13:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55