Kuttar Geiranger fleire til Eid
CRUISE: Hamnesjefen i Geiranger fryktar at strengare miljøkrav i verdsarvfjordane vil føra til at fleire cruiseskip lèt vera å besøkja Geiranger. 
Nytt

Kuttar Geiranger - fleire til Eid

Strengare miljøkrav i verdsarvfjordane har ifylgje NRK ført til at fleire cruiseskip har kansellert besøk i Geiranger. 

20.11.2019
NPK: Samtidig opplever Nordfjordeid ein auke i talet på cruiseskip.
Så langt i år har Stranda Hamnevesen ifylgje fått 16 kanselleringar av cruiseskip til Geiranger. Hamnesjef Rita Berstad Maraak meiner årsaka er strengare miljøkrav i verdsarvfjordane og fryktar at endå fleire cruiseskip kjem til å segla forbi Geiranger når det frå 2026 blir innført krav om nullutslepp i Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.
Ordførar Alfred Bjørlo i Eid kommune gler seg på si side over aukande cruisetrafikk. Ifylgje kanalen ventar kommunen 50 skip i 2021, mot 19 i år.
Også dagleg leiar Sandra Diana Bratland i cruisereiarlaget Carnival Norway meiner miljøkrava vil få konsekvensar for cruisetrafikken i verdsarvfjordane.
– Krav om nullutslepp i Geiranger og Flåm gjer at vi truleg må segla forbi, seier ho til kanalen.
Ikkje alle i cruisebransjen er einige med henne. Då reiselivsnæringa på Vestlandet var samla til bransjetreff i Bergen tidlegare i veka, sa visepresident Tor Christian Sletner i organisasjonen Cruiseliner International Association at han er optimist med tanke på at cruisenæringa skal kunna innfri kravet om nullutslepp frå 2026.
Krav om nullutslepp i Geiranger og Flåm gjer at vi truleg må segla forbi

Publisert: 20.11.2019 11:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45