Kuttar 8000 tonn CO2 aarleg
FJORD1: BF Giskøy på prøvetur.
Nytt

Kuttar 8000 tonn CO2 årleg

Den tredje batteriferja til sambandet Hareid - Sulesund er no overlevert. Dei årlege miljøkutta er store.

20.03.2019
Ifølgje ei pressemelding frå Havyard vil CO2-utsleppa på dei tre Fjord1-ferjene redusere CO2-utsleppa med 90 prosent i høve til tradisjonelt drivstoff.
Innsparingen er totalt på nesten 8.000 tonn CO2 kvart år.
Den siste av ferjene til sambandet, Giskøy, er no overlevert frå Havyard til Fjord1.

Laga digital Sulafjord

I pressemeldinga opplyser Havyard at for å levere ferjer med ekstremt lavt energiforbruk har selskapet utvikla digitale ferjemodellar og plassert dei i ein 'digital Sulafjord' med helit unike vërdata fra området.
Bakgrunnen er at Statens vegvesen har investert over 100 millionar kroner i målemaster og målebøyer i Sulafjorden. Disse gir datamengder om vind, straum, temperatur, bølgjehøgde og bølgjelengde, data som Havyard har gjort seg nytte av.

Heilelektrisk

Leiar for FoU-arbeidet i Havyard Group, Kristian Steinsvik, opplyser at i den virtuelle testtanken av ein fjord vart ein digital modell av ferja testa ut, blant anna for å optimalisere skrogforma.
Variablar knytta til ferja sin operasjonsprofil med mange og tette anløp vart også tatt med.
- På denne måten har vi greid å utvikle ferjer med ekstremt lavt energiforbruk og med eit batterisystem som ikkje berre er dimensjonert for godversdagar, men slik at ferjene skal kunne gå heilelektrisk også i røft ver, seier Steinsvik i pressemeldinga.

Grønt skifte

I vår vart det inngått ein "Sjøfartens Parisavtale" i IMO (FNs organisasjon for sjøfart) som legg opp til ei halvering av dei totale klimagassutsleppa frå sjøfart innan 2050.
Havyard-direktør Geir Johan Bakke viser til at Havyard med ferjesatsinga er sterkt delaktig i det grøne skiftet.
- Dette leggeføringar både for styresmakter, kundane våre og for oss, men både disse ferjene og arbeidet vi har gjort og skal gjere med Kystruten, viser at vi kan innfri krava med god margin.
Havyard viser til at dei tre nye ferjene mellom Hareid og Sulesund flyttar 120 bilar over fjorden med effektforbruket tilsvarande åtte-ni middels elbilar.

Bilde 2:

«MF Giskøy», NB 138 på prøvetur.

Publisert: 20.03.2019 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32