Kutta torskekvotane mindre enn venta
AVTALE: Delegasjonsleiar Arne Benjaminsen (t.h) og Ilja Sjestakov i den norsk-russiske fiskerikommisjonen signerte kvoteavtalen for neste år like etter klokka 07.30 dag.
Nytt

Kutta torskekvotane mindre enn venta

Torskekvoten i Barentshavet  blir redusert med seks prosent neste år. Forskarane sitt forslag var 13 prosent kutt.

18.10.2018
Forhandlarane pussa på detaljane i heile natt, og like etter klokka 07.30 signerte delegasjonsleiarane Arne Benjaminsen og Ilja Sjestakov i den norsk-russiske fiskerikommisjonen avtalen om kor mykje som skal fiskast i Barentshavet neste år.
Forskarane hadde tilrådd ein reduksjon på 13 prosent i torskekvoten, den norsk-russiske fiskerikommisjonen kom til at det er nok med seks prosent kutt. Det betyr at det kan fiskast 725 tusen tonn torsk i Barentshavet neste år, 328 tusen tonn av norske fiskarar.
Hysekvoten blir 172 tusen tonn. Det er ein reduksjon på 15 prosent. Forskarane sitt framlegg var ein kvote på 146 tusen tonn.
Lodde skal ikkje fiskast neste år, blåkveitekvotene er 27 tusen tonn og snabeluerkvoten 53,8 tusen tonn.
Den norsk-russiske fiskerikommisjonen møtes kvart år for å fastsette kvotene for fiske i Barentshavet. Møtet blir lagt annakvart år til Russland og Noreg og i år var møtet i Ålesund.
I sambande med møtet hadde også Harald Tom Nesvik sitt første møte som fiskeriminister med sin russiske motpart.

Publisert: 18.10.2018 08:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27