Kurshopp for Farstad og Solstad
KURSHOPP: Ein bra dag for Sverre A. Farstad og dei andre Farstad-aksjonærane.
Nytt

Kurshopp for Farstad og Solstad

Farstad-aksjen stig på børsen. Det same gjer konsolideringsaktivistane Solstad, Siem og Deep Sea Supply.

01.08.2016
Farstad Shipping er av børsvinnarane måndag med ein kursauke på 9,82 prosent. Rundt klokka 15 måndag vert Farstad-aksjen handla til 10,40 kroner, noko som prisar heile selskapet til 405 millionar kroner.
Samstundes melder Finansavisen at to obligasjonseigarar har kjøpt seg negativ kontroll i eitt av Farstad Shipping sine obligasjonslån. Det var den same framgangsmåten som vart nytta då Aker tvang Rem Offshore til samanslåing med Solstad Offshore.
Også Skudeneshavn-basert Solstad Offshore har ein god dag på børsen. Aksjen er i dag opp vel 7 prosent til 19 kroner aksjen, etter å ha vore handla på 19,90 kroner tidlegare måndag.

God Aker-gevinst

For Aker har investeringa i Solstad Offshore alt vore ei gullkanta investering, med ein urealisert gevinst på rundt 250 millionar kroner, slik kursen er no.
Men det er ikkje berre Farstad og Solstad som stig av offshorereiarlaga, sjølv på ein dag då oljeprisen fell litt tilbake.
John Fredriksen har sagt at han ønskjer å vere med på konsolideringa av offshorebransjen, og måndag stig Fredriksen-kontrollerte Deep Sea Supply 8,5 prosent til 1,90 kroner aksjen. Dette selskapet har auka verdien med rundt 70 prosent på vel ei veke.

Siem-hopp

Også Kristian Siem-kontrollerte Siem Offshore har ein bra dag, der Siem Offshore-aksjen er opp 8,1 prosent til 2,00 kroner. Her er det også stor overvekt av kjøparar.
Til liks med Røkke og Fredriksen har Kristian Siem har eit uttalt mål om å delta i konsolideringa, og har alliert seg med det amerikanske hedgefondet Elliot.
For Havila Shipping er det ingen endringar i kursen. Selskapet har enno ikkje fått på plass ei refinansieringsløysing med bankar og obligasjonseigarar.
Heller ikkje hos DOF er det særleg bevegelse i kursen måndag. Det er det ikkje for Rem Offshore. Her er dei siste aksjane omsett for 4,45 kroner aksjen, noko som prisar heile selskapet til 90 millionar kroner.
Etter fusjonen med Solstad, var kursen nede i 3,20 kroner aksjen, med noko som tilsvarar 65 millionar kroner i verdi.
I avtalen med Solstad er det derimot lagt til grunn ein verdi på 0,87 kroner aksjen.

Publisert: 01.08.2016 15:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59