Krohn Devold vil ha tak paa cruisetrafikken
ÅLESUND: To cruiseskip ved kai i Ålesund, saman med russisk trålar. No vil NHO reiseliv ha avgrensingar i cruisetrafikken.
Nytt

Krohn Devold vil ha tak på cruisetrafikken

Masseturisme med cruiseskip vil svekke Noregs omdømme, meiner NHO Reiseliv. 

17.06.2019
NPK-NTB: – Det må setjast eit tak, seier direktør Kristin Krohn Devold til TV 2.
– No har vi eit problem med masseturisme enkelte stader på enkelte tider av året, og det er stort sett knytt til cruise, seier Devold til

Venezia og Barcelona

Ho meiner at masseturisme vil gjere omdømmet til norske byar dårlegare og fryktar tilstandar som i Venezia og Barcelona om det ikkje blir gjort noko.
Omgrepet masseturisme siktar til destinasjonar som til tider er så tettpakka med turistar at lokalbefolkninga får redusert livskvalitet, og turistane får dårlegare reiseopplevingar.
Dessutan legg ikkje cruiseturistane igjen nok pengar, meiner NHO-direktøren.
– Andre som har køyrt langvegsfrå for å bu ei veke på hotell og legg igjen masse pengar, dei kjem nesten ikkje fram på grunn av cruiseturistane, seier Devold.

4 millionar cruisepassajerar

Dei siste sju åra har talet på cruisepassasjerar som går i land i norske hamner, auka med nesten 1,5 millionar – eller vel 56 prosent. Ifølgje tal frå Cruise Norway er det venta at 4 millionar cruisepassasjerar kjem til å gå i land i ei norsk hamn i år.
Dei mest populære hamnene er Bergen, Geiranger, Stavanger, Ålesund, Flåm, Romsdalsfjorden, Tromsø, Nordfjord, Nordkapp og Oslo.

Publisert: 17.06.2019 08:28

Sist oppdatert: 26.04.2021 11:14