Kroatisk interesse for Kleven
CRUISE: Kleven Verft har fått god kompetanse på bygging av ekspedisjonscruiseskip, her Fridtjof Nansen til Hurtigruten. No er det også kroatisk interesse for å overta verftet.
Nytt

Kroatisk interesse for Kleven

Restruktureringa av Kleven har ført til auka interesse for verftet. No har det også dukka opp kroatisk interesse.

08.11.2019
Etter det NETT NO kjenner er det Split-baserte som har vist interesse om overtaking av Ulsteinvik-verftet.
Representantar frå Brodosplit skal ha besøkt Kleven, og representantar frå Kleven har vore i Split.

Fleire oppdrag og auka interesse

Dagens eigar Hurtigruten har gjort det klart at ein ønskjer å selje seg ut av Kleven så fort som råd. Det er også tilrettelagt for sal gjennom oppretting av selskapet Nye Kleven AS.

Dette selskapet er oppretta for å drive verftet vidare, og er i ein overgangsperiode kontrollert av Hurtigruten og bankane.

I Nye Kleven ligg anlegga, deler av låna, samt dei tilsette på opphavlege Kleven, og for dei tilsette er det godt nytt om det no endeleg kjem på plass ein ny eigar.
I alle fall er det tydeleg at restruktureringa har hatt effekt både i form av auka interesse for verftet og i form av fleire nye oppdrag.
Verftet har også posisjonert seg sterkt innanfor det veksande cruisesegmentet, og med ein sunnare balanse har interessen for verftet også auka.

Ventar med styreval

I Nye Kleven er finansdirektør Ola Beinnes Fosse styreleiar. Resten av styret er ikkje valt.
Beinnes Fosse har tidlegare opplyst til NETT NO at ein ventar med å komplettere styret ettersom ein ønskjer å få representantar for nye eigarar inn det nye styret.
Dette tyder på at leiinga trur på ei salsløysing relativt raskt.
Det er i dette nye selskapet dei nye Kleven-kontraktane også ligg inne.

Solid verft

Det kroatiske verftet har solide ordrebøker, og har til liks med Kleven i det siste også hatt mange oppdrag innan yacht og ekspedisjonscruise.
I september leverte verftet ein 110 meter lang seksjon til eit Fincantieri-bygd cruiseskip, og i august overleverte verftet eit 108 meter langt ekspedisjonscruiseskip til nederlandske Oceanwide Expeditions.
Nyleg sjøsette verftet også eit 162 meter langt seglskip.
Totalt har det kroatiske verftet bygt over 450 skip sidan starten.
Selskapet er eit resultat av ei samanslåing av fleire verft i Split, og er no privat eigd av konsernet DIV etter at staten selde seg ut som hovedaksjonær i 2013.

Vard-interesse

Men det er ikkje berre Dragosplit som viser interesse for Kleven. NETT NO har grunn til å tru at både tyske Meyer Werft i Papenburg og hollandske Damen er av dei som har sett nærare på verftet.
Men størst interesse har det truleg vore frå Vard, men dei italienske Fincantieri-eigarane har så langt ikkje slått til på Kleven. Derimot har dei seld verfta både på Aukra og i Brevik.
Verftsdirektør Kjetil Bollestad ved Kleven Verft seier at NETT NO sine opplysningar om kroatisk interesse ikkje er noko han kan kommentere.
- Verftet er til sals. Spekulasjonar kan vere svært øydedeleggjande for denne prosessen.
Det har ikkje lukkast NETT NO å få kommentar frå Hurtigruten.

Publisert: 08.11.2019 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44