Kritiserer Nav for dagpenge sommel
IKKJE FORNØGD: Jan Thormodsæter i Maritim forening for søre Sunnmøre vil ha endringar i måten Nav behandlar søknadar om dagpengar til permitterte på. Nav svarar at Thormodsæter si oppskrift er vurdert, men ikkje funnen effektiv.
Nytt

Kritiserer Nav for dagpenge-sommel

Nav gir ikkje full gass for å utbetale dagpengar, meiner Jan Thormodsæter i Martim forening for søre Sunnmøre. Nav behandlar seks gangar så mange saker om dagen som i fjor, seier Nav. 

03.06.2020
Nav burde utvide saksbehandlingskapasiteten ved å gi tilsette på lokale kontor fullmakt til å behandle dagpengesøknadar, for å få unna søknadsflaumen frå permitterte under koronakrisa. At det ikkje har skjedd er på veg til å bli ein skandale, meiner Thormodsæter.
NAV er organisert slik at det er tilsette i ei sentralstyrt avdeling som behandlar søknadar om dagpengar. Dei er plassert på ulike Navkontor, men underlagt sentralt styring. Men med opp i 400.000 permitterte tidleg i koronakrisa har avdelinga ikke kapasitet til å få søknadane fort unna, og Thormodsæter tviler på at søknadsbehandlinga er ajour i løpet av juli. Det betyr veker og månadar å vente på dagpengar for folk som ikke får løn.

Ber politikarane gripe inn

Thormodsæter ber politikarane gripe inn for å få NAV til å endre praksis. Det gjorde han i eit notat til stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal, etter eit nettmøte mellom dei og representantar for maritime næringar tysdag 2. juni.

Hadde NAV sentralt gitt lokalt tilsette naudsynte fullmakter kunne alle som har søkt om dagpengar før påske fått pengane sine allereie før påske, skriv han i notatet .
No er det NAV-tilsette lokalt som får kritikken for manglande utbetaling av dagpengar, medan ansvaret ligg sentralt NAV, meiner han.

Ikkje ei god løysing

"Å flytte saksbehandlingen av dagpenger ut til hundrevis av NAV-kontor i landet ville vært krevende, og er vurdert av direktoratet (Arbeids- og velferdsdirektoratet, red. merk). De har funnet at det ikke ville vært en effektiv måte å løse dagens utfordringer på.", skriv Tor Steinar Sandøy Misund i Nav Møre og Romsdal i ein epost til NETT NO.
I følgje Nav er 200 Nav-tilsette - også frå kontor i Møre og Romsdal - omdisponert til å jobbe med dagpengesøknadar i tillegg til at det er henta inn folk utanfrå. Resultatet er at det er omlag tre gangar så mange som arbeider med dagpengesøknadar i dag som før koronakrisa. Saman med endringar i IT-systema gjer det at Nav behandlar seks gangar så mange søknadar om dagen som før.
"Vi regner med å være à jour i slutten av juli, altså at vi da har fått unna den store saksmengden, og at behandlingstiden for nye søknader vil ligge på mellom 25 til 30 dager fra august", skriv Nav i eposten.

454.400 søknadar

Sidan midten har mars er det levert 454.400 søknadar om dagpengar. I heile 2019 fekk Nav 160.500 dagpengesøknadar. Frå Noreg stengte ned i midten av mars og fram til i dag er 182.200 søknader behandla, i følgje Nav.
Nav rår i eposten om at dei som treng pengar raskt søkjer om forskot på dagpengar:
"Søknader om forskudd behandles automatisk og penger kommer raskt på konto. I tillegg bør de ta kontakt med banken sin og andre kreditorer for å avtale evt. avdragsfrihet eller få veiledning. Mange banker er hjelpsomme med å finne løsninger i denne situasjonen."

Publisert: 03.06.2020 16:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57