Krisa er ikkje over
OFFSHORE: Havila Shipping-direktør Njål Sævik informerte næringskomiteen på Stortinget om den utfordrande situasjonen i offshoreflåten, der Havila blant anna har overtatt kontrollen i Volstad Maritime.
Nytt

- Krisa er ikkje over

Alle spådde opptur i 2018. Slik gjekk det ikkje. Offshorekrisa held fram.

23.10.2018
- Krisa er ikkje over.
Det fastslo Havila Shipping-direktør Njål Sævik i eit møte med næringskomitéen på Stortinget tysdag.
Havila Shipping-aksjen har stupt dei to siste børsdagane etter at offshoregiganten Solstad Offshore varsla marknaden om at selskapet hadde finansielle problem og hadde starta forhandlingar med bankar og andre aktørar om ei refinansieringsløysing.

- Ulik agenda

Njål Sævik sa at det var spennande å sjå kva som no skjedde rundt Solstad.
- Her er det mange involverte, som har ulik agenda. Det gjeld også mellom bankane.

Spådde feil

Sævik viste til at den oppturen eit fulltallig analytikarkorps i 2017 spådde ville kome i år, aldri vart noko av.
- Det fanst vel ikkje ein analytikar som ikkje trudde det ville vere rundt 50 riggar i sving i Nordsjøen i år.
- Det har vore rundt tjue, av og til nede på 17-18.

Ramma av kutt

Han viste til at samstundes som aktiviteten er lav, har oljeselskapa kutta kostnader.
- Rundt 85 prosent av desse kutta ligg att i leverandørkjeda, sa Sævik.
Havila Shipping hadde på det meste ni skip i opplag. No er ein nede i tre.
- Men framleis ligg det over 100 skip i opplag langs norskekysten.
- Det er framleis storm frå alle kantar, sa Sævik.

Nytt kursfall

Havila Shipping-aksjen fall i 17,5 prosent måndag, truleg som frykt i marknaden for at også dette selskapet må til med ei ny refinansieringsrunde.
Aksjefallet heldt fram tysdag, men ikkje så kraftig som måndag.
Klokka 14:30 tysdag vert aksjen handla for rundt 4,40 kroner aksjen, ein nedgang på knappe fem prosent på ein fallande børs.
Solstad Offshore fell derimot nye 15 prosent etter eit fall på heile 23 prosent måndag.

Publisert: 23.10.2018 14:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27