Krillkapteinar rosar Vard Brattvaag
KRILL: Aker Biomarine-direktør Matts Johansen og fiskeriminister Harald Tom Nesvik får låne kapteinsstolane frå Arnljot Vågsholm og Hans Jan Leite.
Nytt

Krillkapteinar rosar Vard Brattvaag

Dei er stolte over nyebåten, og meiner at dei tilsette ved Vard Brattvaag har gjort ein kjempejobb.

11.01.2019
- Eg har vore med å byggje båtar i Chile og Argentina. Det er som natt og dag i forhold til å byggje båt i Brattvåg.
Det seier Hans Jan Leite frå Valderøya, ein av to kapteinar om bord i Aker Biomarine sin nye krillbåt Antarctic Endurance.
Den andre kapteinen, Arnljot Vågsholm frå Fosnavåg, er samd.
- Her har dei gjort ein kjempejobb. Utruleg profesjonelt i alle ledd.

1,2 milliardar

Neste fredag skal den 129,6 meter lange og 23 meter breie krilltrålaren døypast i Ålesund.
Prislappen er på rundt 1,2 milliardar kroner.
Leite har jobba for ulike Røkke-selskap i 24 år, og var med i starten på krillfisket i 2004, då med Røkke-skipet American Monarch.
- Sjølve trålinga har ikkje endra seg så mykje, men resten er ikkje å samanlikne, Dette er heilt andre båtar enn det vi starta med, seier han.

Tauar i mange døgn

Vågsholm opplyser at ein som før tauer trålen i vel ein knops fart.
- Vi kan taue i mange døgn utan å ta trålen opp. Krillen vert automatisk pumpa om bord undervegs.
- For oss kapteinane er det eigentleg eit nokså enkelt fiske, sjølv om det skjer i tøffe vêrforhold.

Rekordordre for Optimar

Om bord er det mykje nytt utstyr, mellom anna ein Optimar-produsert krillfabrikk til rundt 300 millionar kroner.
Dette er største enkeltleveransen nokon gong frå Optimar på Valderøya.
Det nye fartøyet vil få ein fangstkapasitet på 1300 tonn, og fabrikken kan produsere rundt 200 tonn mjøl i døgnet, men det skal også satsast på fleire andre produkt.

Tråltesting neste veke

Frå Valderøya kjem også Aker Biomarine sin prosjektleiar Eldar Vindvik.
Han opplyser at arbeidet har gått etter planen, og alt neste veke skal båten ut og teste trålen i Breisundet.
Etter dåpen og testing, skal båten til Montevideo i Uruguay, og derifrå på fiske ved Antarktis.
- Vi skal rekke sesongen.
Vindvik opplyser at om bord vert det eit mannskap på 58, med ei blanding av nordmenn, russarar og tilsette frå Sør-Amerika.
Torsdag viste Vindvik fram båten til fiskeriminister Harald Tom Nesvik.

700 verftsarbeidarar involverte

Han fekk sjå ein båt som blant anna er utstyrt med innandørs notverksted, led-lys som gir betre belysning, datastyring og automasjon i prosessområdet, romslege lugarar, eit stort laboratorium og trenings- og rekreasjonsmuligheter med blant anna sauna.
Vard Brattvaag-direktør Fredrik Mordal Hessen opplyser at rundt 700 personar har vore involverte i byggjeprosessen, derav 144 eigne verftstilsette.
Han seier at verftet har godt med arbeid ut 2020, blant anna med eit nytt Røkke-prosjekt gjennom bygging av eit stort forskings- og ekspedisjonsskip.
I tillegg skal verftet byggje ein hekktrålar til Nergård Havfiske og ein kabelleggjar til Prysmian Group.
Her har dei gjort ein kjempejobb. Utruleg profesjonelt i alle ledd

Publisert: 11.01.2019 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30