Krillfabrikk til kvart milliard
GIGANTJOBB: Krillfabrikk til 250 millionar kroner ombord på Aker Biomarine sin nye krilltrålar (dataanimert foto) er eit ekstraordinært stor oppdrag for den norske leverandørindustrien. Aker Biomarine startar i dag forhandlingane med kandidaten til å vere hovudleverandør. 
Nytt

Krillfabrikk til kvart milliard

Eit norsk selskap er i forhandlingar om å levere krillfabrikk til Aker Biomarine sin nye krilltrålar.

20.02.2017
Kontrakten er på rundt ein kvart milliard kroner, og forhandlingane med den moglege leverandøren startar i dag.
Det seier produksjonssjef Viggo Brevik i Aker Biomarine. Brevik vil ikkje førebels ikkje opplyse kven Aker Biomarine forhandlar med, men seier det er eit norsk selskap.
Oppdraget med å bygge krillfabrikken kjem til å gi arbeid til mange underleverandørar, men Aker Biomarine ønskjer å inngå avtale med ein hovudleverandør, som får ansvaret for å styre og samordne arbeidet.

Milliardskip

Då Aker Biomarine offentlegjorde kontrakten for skipet i førre veke vart det opplyst at den er på over ein milliard kroner.

I ei børsmelding presiserer Vard at kontrakten, for Vard sin del, er på 750 millionar kroner.

Differansen, cirka 250 millionar kroner, er prisen på krillforedlingsanlegget ombord, stadfestar Brevik.

Gigantkontrakt

Aker Biomarine-oppdraget er eit ekstraordinært stor oppdrag for den norske utstyrleverandørbransjen.
Kontrakten om å levere fabrikk til fabrikktrålaren Ramoen, som Bjørdal Industrier i 2015 vann i konkurranse med Optimar Stette, var til samanlikning på 40 millionar kroner.

Byggjer på erfaring

Aker Biomarine har to krillbåtar i sving i Sydishavet i dag. Den nye fabrikken skal byggje på erfaringa frå anlegga ombord, men vil samstundes vere ei nyvinning, mellom anna på grunn av storleiken og fordi det skal leverast eit komplett anlegg frå start.
Peder Stette i Optimar var til stades i Brattvåg saman med mellom andre Viggo Brevik då Aker Biomarine då milliardkontrakten vart offentleggjort.
Han vil ikkje kommentere om Optimar er kandidat til jobben, men seier dette er oppdrag som Optimar vil vere interessert, og at Optimar er del-leverandør til anlegget i ein av krillbåtane Aker Biomarine har i drift.
- Vi synest det er veldig interessant at det blir investert så mykje i ein ny marknad, seier Stette.

Publisert: 20.02.2017 12:18

Sist oppdatert: 28.04.2021 09:56

Mer om