Krill strid i fem dagar
SKAL VITNE: Aker Biomarine-sjef Matts Johansen skal vitne når Aker Biomarine og Rimfrost møtes i retten i neste veke.
Nytt

Krill-strid i fem dagar

Åtte personar skal i vitneboksen når Aker Biomarine og Rimfrost møtes i retten i neste veke. Rimfrost stiller med lydopptakar.

05.12.2018
Søre Sunnmøre Tingrett har sett av fem dagar til rettsaka som skal avgjere kven som har retten til krillteknologien ombord i trålaren Juvel. Aker Biomarine kjøpte Juvel etter at krillselskapet Emerald Fisheries gjekk konkurs i februar 2017, men Rimfrost meiner retten til teknologien ombord ligg i Rimfrost og søsterselskapet Rimfrost Technologies.

Bak dei to selskapa som møtes i retten står det Kjell Inge Røkke-dominerte Aker og Stig Remøy.
Forpostfektingane har allereie gått til Høgsterett, som nyleg avgjorde at første runde i rettsaka skal gå i Søre Sunnmøre Tingrett i Volda, slik både tingretten og lagmannsretten hadde kome fram til tidlegare. Aker Biomarine meinte rettsaka burde gå i Oslo, men vann ikkje fram.

Åtte vitne

Partane fører fire vitne kvar i følgje sluttinnlegga partane har levert til retten.
Aker Biomarine fører administrerande direktør Matts Johansen og dei tidlegare Remøy-partnarane i Emerald Fisheries; Jon Reidar Ervik, Jørgen Ervik og Frode Igland, som vitne.
Rimfrost skal føre tidlegare Emerald Fisheries-sjef Bjørnar Kleiven, Inge Bruheim, Øystein Sandvik og Per Ristvedt som vitne. I tillegg skal Stig Remøy og Anders Almestad forklare seg for partrepresentantar for høvesvis Rimfrost Technologies og Rimfrost.

Vil ta opp forklaringar

Advokatfirmaet Wiersholm, som fører saka for Rimfrost og Rimfrost Technologies, skriv i sluttinnlegg at dei stiller med "utstyr for lydopptak av parts- og vitneforklaringer under hovedforhandlingen".
Aker Biomarine er representert av advokatfirmaet Bahr.
I følge Rimfrost/Rimfrost Technologies ble det omstridde patentet til teknologien seld frå Emerald Fisheries til Rimfrost i 2012 og betalt i april 2013.
Aker Biomarines versjon er at salet ikkje blei gjennomført.

Vil ha erstatning

Dersom Aker Biomarine ikkje skulle vinne fram med sitt krav om at teknologien var med på kjøpet ved kjøpet av Juvel meiner selskapet at Rimfrost og Rimfrost Technologies er erstatningspliktig for kontraktsbrot ved å rettsstridig å ha skaffa seg retten til teknologien.
Rimfrost/Rimfrost Technologies avviser eit subsidiært erstatningskrav og argumentere dessutan i sluttinnlegget blant anna med at det ikkje ville blitt noko tap om långivarane ikkje hadde nekta Rimfrost å legge inn eit høgare bod på Juvel.

Publisert: 05.12.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28