Krill dom utsett paa ny
DREG UT: Frostating Lagmannsrett har brukt over tre månadar på å skrive dommen etter rettsaka mellom Aker Biomarine og Rimfrost, men er enno ikkje i mål. Eit nederlag vil vere alvorleg for Rimfrost, sa Stig Remøy (biletet) i retten og same bodskap hadde motparten, Aker Biomarine, for sin del.
Nytt

Krill-dom utsett på ny

Nok ein gang må Stig Remøy og Kjell Inge Røkke smøre seg med tolmod. Lagmannsretten nådde ikkje sin eigen frist for å avgjere striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost denne gangen heller. 

31.03.2020
Frostating Lagmannsrett venta først at dommen i striden om retten til produksjonsteknologien i krilltrålaren Juvel skulle vere klar i januar. Så varsla retten om at den kom i februar, deretter at den skulle kome i midten av mars og deretter at den ville vere klar i dag, 31. mars.

No er dommen utsett igjen, i følgje retten, førebels utan at det er sett ein ny dato.
Rettsaka vart avvikla i Ålesund før jul 2019.

Alvorlege konsekvensar

Begge partar i rettsaka i lagmannsretten sa at eit nederlag ville vere alvorleg for dei. Aker Biomarine er eigd av Aker-konsernet, med Kjell Inge Røkke som dominerande eigar. Rimfrost er eigd av Stig Remøy.
Striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost og søsterselskapet Rimfrost Technologies gjeld retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel, som Aker Biomarine kjøpte etter at eigaren, krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries - med Stig Remøy som hovudeigar - blei slått konkurs i 2017.
Aker Biomarine meiner retten til teknologien var med på kjøpet, Rimfrost at teknologien tilhøyrer Rimfrost.

Publisert: 31.03.2020 12:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55