Krill dom ikkje klar til jul
DOM ETTER JUL: Konsernsjef Matts Johansen i Aker Biomarine (lengst til høgre av dei i kvit skjorte) hadde håpa på ei avklaring i striden med Rimfrost før krillfiskesesongen 2019/2020. Det skjer ikkje. Til høgre for Johansen, hans advokatar Gunnar Sørlie (med raudt slips) og Are Stenvik.
Nytt

Krill-dom ikkje klar til jul

Aker Biomarine og Rimfrost må vente til januar 2020 før dommen i striden om retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel er klar.

06.12.2019
Aker Biomarine-sjef Matts Johansen sa i retten at målet er å sette den i fiske i desember, for 2019/2020-sesongen, dersom Aker Biomarine vinn i lagmannsretten. Det målet når han ikkje no, sjølv om Aker Biomarine skulle vinne. I beste fall - sett frå Aker Biomarine si side - blir det snakk om ein amputert sesong.
I retten blei det sagt at dommen kan kome 15. januar. Deretter har partane frist på seg på til å vurdere anke til Høgsterett. Om ingen ankar blir dommen rettskraftig i det ankefristen går ut.

Viktig for begge partar

Aker Biomarine og Rimfrost er usamde om kven som eig retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel.
Aker Biomarine kjøpte trålaren i 2017 etter at reiarlaget Emerald Fisheries gjekk konkurs og meiner retten til teknologien var med på kjøpet. Rimfrost meiner det kjøpte retten til teknologien frå Emerald Fisheries i 2012/2013 og eig den framleis.
Begge partar understreka i retten at teknologien var svært viktig for dei.


Remøy og Røkke

Aker Biomarine er eit datterselskap av Aker-konsernet, med Kjell Inge Røkke som storaksjonær. Rimfrost er eigd av Stig Remøy, som og var største eiga i Emerald Fisheries.
Rimfrost varsla under rettsaka at det har bestilt ein ny krillltrålar til over ein milliard kroner hos Westcon, og Aker Biomarine fekk levert ein ny krilltrålar frå Vard i mai i år.

Publisert: 06.12.2019 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47