Krev 90 millionar i kausjon
KREV KAUSJON: Russiske styresmakter har halde fiskebåten Remøy attende i Murmansk sidan 10. mai.
Nytt

Krev 90 millionar i kausjon

Russiske styresmakter krev at det blir stilt 90 millionar kroner i kausjon for å sleppe fri reketrålaren Remøy.

24.05.2017
Både norske fiskeri- og utanriksstyresmakter jobbar no med å få båten frigitt,
Det russiske kausjonskravet på 90 millionar er meir 10 gongar større enn fangsverdien som er om bord i båten.- Kravet står på ingen måte i forhold til realitetane i saka, og dette kravet gjer at situasjonen ikkje er mogleg for reiarlaget å handtere. Dessutan ligg ansvaret hos norske styresmakter. Vi hadde håpa på at saka skulle få ei rask avklaring, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Formalfeil

I følgje vedgår Fiskeridirektoratet at dei ved ein feil ikkje kryssa av for rekefiske på Remøys søknad til russiske styresmakter.
På grunn av den manglande avkryssinga vart trålaren henta av russisk kystvakt og har sidan lege for anker i Murmansk.

Båten er eigd av Remøy Havfiske i Fosnavåg i Herøy kommune i Møre og Romsdal.
Styreleiar Olav Remøy sa i førre veke til avisa Nordlys at han håpa norske styresmakter raskt ville finne ei løysing saman med russiske styresmakter.

UD inn i saka

No er det norske utanriksdepartementet kopla inn saka, saman med Nærings og fiskeridepartementet. Fredag ettermiddag blir det halde eit møte der Fiskebåt, departementa, Norges Fiskarlag og reiarlaget skal delta.
I dag vil også Fiskebåt og reiarlaget drøfte situasjonen med parlamentarisk leier Harald Tom Nesvik (Frp), skriv Fiskebåt i pressemeldinga.
Trålaren Remøy har eit mannskap på 17 personar, der to er frå Færøyane og resten er norske.

Publisert: 24.05.2017 13:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10