Kraftmarknaden prega av politikk
KRAFT: Klimapolitikk og hamndelspolitikk pregar kraftmarknaden, fastslår kraftanalytikar Tor W. Havåg.
Nytt

- Kraftmarknaden prega av politikk

Brexit og klimatoppmøtet i Madrid har stor innverknad på kva den enkelte må betale for krafta.

06.12.2019
Dette slår kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi fast i månadsrapporten for november.
Han skriv at til liks med andre råvaremarknader er kraftmarknaden prega av politikk, klimapolitikk og handelspolitikk.
- I november stilna kjeklinga om Brexit inntil vidare. Britane er no meir opptekne av parlamentsvalet.
- Akkurat no er det sjølvsagt meir spaning knytt til klimatoppmøtet i Madrid.

Svekka konjunkturar

Havåg viser til at det er lite framgang med tanke på handelsavtale mellom USA og Kina, og fleire indikatorar syner svekka konjunkturutvikling.
- Framgang i klimaarbeidet eller tingingane mellom USA og Kina vil fort gi ny prisutvikling i energimarknadene.
I november gjekk kraftprisen opp, delvis på grunn av kaldt og tørt vêr.
Spotprisen i Midt-Noreg enda på 41,8 øre kWh, opp frå 37,0 øre/kWh i oktober.

Tørt på Vestlandet

Havåg viser til at middeltemperaturen i november låg ein grad under normalen, og nedbøren berre var på 75 prosent av normalen.
Men det var store geografiske variasjonar, og Aust- og Sørlandet fekk det doble av normalen, medan Troms og Finnmark hadde tre til fem grader kaldare temperatur enn normalt.
For Vestlandet var det svært tørt, og nedbøren var berre 25 prosent av normalen.
Tussa opererer no med ein fastpris for 2020 på 38,98 øre/kWh, og ein fastpris for første kvartal neste år på 41,12 øre/kWh.
I november stilna kjeklinga om Brexit inntil vidare

Publisert: 06.12.2019 08:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47