Kraftlaus og urettferdig meiner Ap politikar om krisehjelpa
VIL HA MEIR: Fredric Holen Bjørdal frå Ørsta meiner at krisepakka regjeringa la fram fredag, verken hjelper maritim næring, møbelindustrien eller reiselivet bra nok. 
Nytt

– Kraftlaus og urettferdig, meiner Ap-politikar om krisehjelpa

Stortingspolitikar Fredric Holen Bjørdal (Ap) meiner regjeringa burde tatt kraftigare i – og peiker på fleire tiltak.

Marius Rosbach
29.05.2020
– Kraftlaus og urettferdig, er karakteristikken stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) gir regjeringa framlegg til krisehjelp som kom fredag.
Ørstingen sit i finanskomiteen og vil dermed vere med å utarbeide korleis den endelege løysinga vil sjå ut, etter at opposisjonen på Stortinget har sagt sitt.
– Verken maritim næring, møbelindustrien, reiselivet eller kulturlivet, er teke i vare gjennom denne krisepakka, skriv han i ein e-post til NETT NO.
Ap-politikaren meiner det er bra at regjeringa til dømes gir meir pengar til Enova, men peiker på at det er noko som først vil hjelpe fram i tid.
At det kjem ei ordning med lønnstilskott er også bra. Men Bjørdal ville samtidig stilt krav til avgrensingar i kor mykje bedriftene som nyttar tilbodet, kan bemanne ned.

Sakna elferjer og grøn skattepolitikk

Eit program for bygging av bygging av elferjer og investeringsavgjersle for karbonfangst- og lagring er mellom tiltaka Bjørdal ville hatt med i pakka.
Grøn skattereform som gjer det meir attraktivt å investere å grøn industri ville han også hatt med, saman med fleire arbeidsmarknadstiltak. Han har ikkje sansen for at det blir kutta i formueskatten, og meiner det gjer at meir av rekninga vil bli belasta lommebøkene til vanlege folk.
– Framleis skal mottakarar av statleg krisehjelp kunne ta store utbytte og bonusar, og dei legg opp til ei skeiv byrdefordeling mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, skriv Bjørdal.

Vil ha lengre permitteringsperiode

Bjørdal er overraska over at ikkje regjeringa nyttar moglegheita til å utvide permitteringsperioden til 52 veker, slik fleire har kome med innspel om. Han meiner det kunne gitt betre tryggleik for dei tilsette, som står i fare for å misse jobbane sine om dei framleis er permitterte til hausten.
– Regjeringa varslar at arbeidsgjevarperioden skal opp til ti dagar, men samtidig tar dei dei ekstra dagane med løn som arbeidstakarane fekk. Om ein skal tilbake til normalen, får det gjelde begge, ikkje berre vere til arbeidsgjevars fordel, skriv Bjørdal.
Han ville også sett at regjeringa hadde lagt inn tiltak for å motverke juks med ordningane.

Publisert: 29.05.2020 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57