Kraftige kutt i Rolls Royce
ÅLESUND: Rolls-Royce fjernar inntil 350 norske leiarar og mellomleiarar og slår saman Merchant og Offshore til Commercial Marine. Hovedkontoret for den norske delen vert framleis i Ålesund, der ein også har offshore simulator-senteret, der dette bildet er frå.
Nytt

Kraftige kutt i Rolls-Royce

350 norske leiarar og mellomleiarar i Rolls-Royce fekk i dag tilbod om å søke sluttpakke. Samstundes slår selskapet saman avdelingar.

02.07.2014
- Ja, det stemmer at rundt 350 tilsette har fått eit slikt tilbod i dag. Det er snakk om eit frivillig sluttpakketilbod, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce.
Totalt er det 2400 tilsette i Rolls-Royce Marine i Norge, der 2100 er tilsette på Sunnmøre. Sluttpakketilbodet er dermed gitt til 15 prosent av dei norske tilsette. - Det er snakk om ei omfattande slanking av selskapet på leiar- og mellomleiarsida, seier Bonnevie Wollebæk.

Mange i Ålesund og Ulsteinvik

Mange av leiarane og mellomleiarane som i dag fekk tilbod om sluttpakke arbeider i Ålesund og Ulsteinvik, der til saman 1100 av dei 2400 norske tilsette arbeider.
Men tilbodet gjekk også til fleire leiarar og mellomleiarar hos Rolls-Royce i Hjørungavåg, Brattvåg, Longva og i Rolls-Royce Marine i Bergensregionen. Tilbodet omfattar ikkje ingeniørar, IT-folk og salspersonell. Alle dei 350 har fått tilbod om seks månader sluttpakke, i tillegg til oppseiingstida. Sjølv om ein seier ja til tilbodet, er det ikkje sikkert at ein får ja. - Dersom det er snakk om tilsette med kritisk kompetanse for selskapet, kan ein få avslag på tilbodet, seier Bonnevie Wollebæk.

Har vorte for topptunge

Ho seier at det ikkje ligg så mykje dramatikk rundt sluttpakketilbodet i seg sjølv, men stadfestar at Rolls-Royce-konsernet er inne i ein periode med kostnadskutt. - Vi har vorte for topptunge, med for mange leiarar og mellomleiarar, mellom anna på grunn av at vi har vakse ved å kjøpe opp selskap.
- No samordnar vi og slankar organisasjonen på toppen.

Slår saman Merchant og Offshore

Som ein del av samordninga vart forretningsområda Merchant og Offshore slått saman frå 1. juli til det nye forretningsområdet Commercial Marine.
John Knudsen går samstundes frå å vere leiar for Offshore til å leie heile Commercial Marine.
Knudsen tok i januar i år over som toppsjef for offshore-området etter herøyværingen Anders Almestad, som slutta i Rolls-Royce etter 25 år. Bonnevie Wollebæk seier at samanslåinga er viktig i forhold til å utnytte synergiar og for å vere godt rusta for framtidig vekst. - Konsernet strammar inn på livreima over heile verda, men strategien er uansett vidare vekst for den maritime delen.

Hovudkontor i Ålesund

Sjølv om Knudsen er busett i Bergen, så har han kontor i Ålesund.
- Commercial Marine skal framleis leiast frå Sunnmøre, seier Bonnevie Wollebæk.
Knudsen rapporterer til finnen Mikael Makinen, som er leiar for Rolls-Royce Marine globalt, der også marinefartøy og ettermarknad inngår.
I den London-leia marinedivisjonen er det sett i gang eit omfattande arbeid for å straumlineforme organisasjonen etter at Rolls-Royce 1. mai informerte marknaden om ein forventa svikt i omsetning og resultat i marinedivisjonen på 10 prosent i 2014.
Les meir .

Samlar produksjon av styremaskiner

I Norge har Rolls-Royce tidligere kommunisert at dei også vurderer kvar styremaskiner i framtida skal produserast. I dag vert styremaskiner produserte både i Brattvåg og i Os utanfor Bergen. - Det finst i dag fire alternativ for framtidig produksjon. Det er Brattvåg, Os, Gniev i Polen, der Rolls-Royce er etablert for før, eller bygging av ein heilt ny fabrikk i Aust-Europa.
Bonnevie Wollebæk seier at avgjersla truleg ikkje vil verte fatta før i slutten av august. - Ei eiga prosjektgruppearbeider med denne delen, og leiinga har varsla at dei vil kome med si beslutning ei stund etter sommarferien.
No samordnar vi og slankar organisasjonen på toppen

Publisert: 02.07.2014 14:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34