Kraftig resultathopp
RESULTAT: Adm. dir. Jon Erik Engeset kunne onsdag leggje fram gode tal for Hexagon Composites.
Nytt

Kraftig resultathopp

Hexagon Composites hadde i andre kvartal eit resultat før skatt som var nesten fire gongar betre enn året før.

15.08.2018
Hexagon Composites la onsdag fram gode al for andre kvartal, spesielt på botnlinja.
Omsetninga var litt lavare enn i andre kvartal i fjor, og kom totalt opp i 366,8 millionar kroner.
Resultatet før skatt vart derimot mykje betre; 69 millionar kroner mot 18 millionar for eitt år sidan.

Ny trailer

Selskapet opplyser at det spesielt har vore bra sal ved Hexagon Ragasco og Hexagon Mobile Pipelines.
I går kunne også selskapet flagge ein storkontrakt i USA på sine nye Titan 53-trailerar for transport av komprimmert flytande naturgass.
I kvartalet har selskapet også inngått kontrakt for serieproduksjon av brenselcellebilar.

Publisert: 15.08.2018 09:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25