Kraftig fall i klippfiskeksporten
KLIPPFISK: Færre kjøper norsk klippfisk i Braasil og Portugal, som her på denne supermarknaden i Esteril i Portugal.
Nytt

Kraftig fall i klippfiskeksporten

Klippfiskeksporten til Brasil stupte i mai, og utsiktene er usikre. Det er dårleg nytt for klippfiskprodusentane på Ellingsøya og i Ålesund.

04.06.2020
NETT NO - NPK: Ferske tal frå Sjømatrådet viser at det vart eksportert 4 500 tonn klippfisk til ein verdi av 204 millioner kroner i mai. Volumet fall med 30 prosent, medan verdien fall med 163 millionar kroner.
Hittil i år er det eksportert 32 500 tonn klippfisk til ein verdi av 1,7 milliardar kroner. Dette er ein reduksjon i volum på 10 prosent.

Meir klippfisk av sei

Portugal, Den Dominikanske Republikk og Kongo-Brazzaville var dei viktigaste marknadene i mai, medan Brasil fall nesten heilt vekk.
I mai eksporterte Norge klippfisk for berre 1,7 millionar kroner til Brasil, men då kun klippfisk av sei.
- Lavare etterspørsel i både den portugisiske og brasilianske marknaden forklarer nedgangen for klippfisk og saltfisk i mai. Samtidig har det vore volumvekst gjennom heile mai for klippfisk av sei på grunn av stabil etterspørsel i Karibia og Vest-Afrika.
- Brasil har dei siste åra tatt rundt 20 prosent av eksporten av klippfisk av sei i den siste halvdelen av året, men no er det usikkert framover, seier sjømatanalytiker Ingrid Kristine Pettersen i Norges sjømatråd.

Tre kriser

Sjømatutsending Øystein Valanes i Brasil seier at Brasil no opplever tre kriser samtidig; ei sosial, ei økonomisk og ei politisk krise som forventar å påvirke økonomien og etterspørselen i lang tid framover.
- Koronakrisa set helsesystemet under kontinuerleg press, og folk held seg heime i frykt for å bli sjuke.
- Fall i oljepris og svekking av realen mot dollar gjer importerte varer 40 prosent dyrare, også klippfisk. Politisk uro skaper i tillegg engstelse i folket og usikkerheit rundt rammevilkåra for Brasils økonomi, seier Valanes.

Mindre saltfisk

Også saltfiskeksporten opplever stor svikt. I mai vart det eksportert 2 700 tonn saltfisk til ein verdi av 158 millioner kroner. Volumet fall med 25 prosent, medan verdien fall med 53 millionar kroner.
Hittil i år er det eksportert 14 400 tonn saltfisk til ein verdi av 905 millionar kroner. Det er ein auke i volum på 3 prosent, medan verdien auka med 107 millionar kroner.
Totalt vart det i mai eksportert 162.718 tonn norsk sjømat til ein verdi av 7,8 milliardar kroner. Det er ein nedgang på 764 millionar kroner frå same månad i fjor.

Ny samla nedgang

Det er andre månad på rad at sjømateksporten opplever ein nedgang samanlikna med same tid i fjor. Nedgangen i april var den første Noreg opplevde på 18 månader.
Tom-Jørgen Gangsø i Norsk sjømatråd seier at nedgangen i eksportverdien mellom anna kjem av bortfall av restaurantsegmentet i fleire marknader, og dessutan svekt kjøpekraft og betydeleg uvisse i marknaden.
– I tillegg opplever vi auka fraktkostnader fordi mange passasjerfly som tidlegare har frakta fersk sjømat no er sette på bakken, seier Gangsø, som er direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgjenge i Sjømatrådet.

Førebels årsvekst

Trass nedgangen for april og mai er det ein førebels verdivekst i år. Så langt har det vorte eksportert sjømat for 44,6 milliardar kroner, noko som er ein auke på 1,5 milliardar kroner frå same periode i fjor.
I grove trekk står sild og makrell for to tredeler av verdiauken så langt i år, medan laks og aure står for resten.
– Sjølv om det har vore ein nedgang i lakse- og aureeksporten dei to siste månadene, starta året sterkt. Det er årsaka til verdiveksten så langt i 2020, seier Gangsø.

Mindre nedgang for laks

I mai vart det eksportert laks for 5,7 milliardar kroner, noko som ein reduksjon på 5 prosent. I april var nedgangen på 19 prosent.
– Dei negative effektane av tiltaka mot koronaviruset ser gradvis ut til å bli redusert for lakseeksporten. Samtidig ser vi betydelege utfordringar i dei viktigaste marknadene for konvensjonelle produkt av torsk og for skaldyreksporten, spesielt i dei siste månadene.
Lakseeksporten var på 85.000 tonn. Det er 5 prosent mindre enn mai i fjor.
Verst gjekk det for klippfisk som hadde ein volumnedgang på 30 prosent, noko som i stor grad kjem av uroa i Brasil.

Fleire kjøper i butikk

I mai opplevde eksporten av aure og frosen torsk ein volumauke på høvesvis 20 og 10 prosent.
Sjømatrådet kan samtidig glede seg over at fleire kjøper sjømat i butikk.
– Det kan bidra positivt på lengre sikt sidan terskelen for å lage sjømat heime har vorte lågare. Viss vi i tillegg får ei opning i dei viktigaste marknadene våre framover, kan det styrkje etterspørselen etter norsk sjømat.

Kinesisk rekevekst

Sjømatrådet melder om eitt stort lyspunkt, og det er eksporten av reke til Kina.
Eksportverdien av reker til Kina i mai er den største nokon gong, og det er spesielt markant auke for fryste og pilla reker.
- Kinesarane er veldig glade i reker. Ein annaleis vår har gitt økt netthandel og større mulegheiter for forbrukarane til å utforske sjømatprodukt for tilbereding heime.
- Ettersom dagleglivet i stor grad er tilbake, har også restaurantkonsumet av reker tatt seg opp, seier Sjømatrådets fiskeriutsending til Kina, Victoria Braathen.
Koronakrisa set helsesystemet under kontinuerleg press, og folk held seg heime i frykt for å bli sjuke

Publisert: 04.06.2020 10:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58