Kraftig auke i bruk av gjeldsordningar
AUKE: I fjor søkte 2.559 nordmenn om gjeldsordning hos Namsmannen – det er det høgste talet sidan 2014. 
Nytt

Kraftig auke i bruk av gjeldsordningar

– Vi blir no nærast ringt ned av folk som treng å komme seg ut av gjeldsfella.

28.01.2021
(NPK-NTB): I fjor vart det opna 2.559 gjeldsordningar hos namsmennene i landet. Det er det høgaste talet sidan 2014. Fleire slit med telefon- og straumrekningar.
Fleire ekspertar meiner den sterke auken i nye gjeldsordningssaker i hovudsak kjem av forverra økonomi hos privatpersonar etter koronautbrot og nedstenging, skriv
– Det er ein stor risiko for at delar av samfunnet er stengt fram til sommaren, og at talet på ledige vil halde seg på eit stabilt høgt nivå. Dette underbyggjer at trykket på gjeldsordningar vil halde fram med å auke i takt med at talet på større inkassosaker går til himmels. Lang behandlingstid hos namsmennene set dei som allereie slit i ein endå vanskelegare situasjon, seier Christian Aandalen i inkassokonsernet Fair Group.
Han meiner dette berre er toppen av isfjellet og får støtte av Geir Grindland i Inkassopartner.
– Eg er ikkje i tvil om at omfanget vil eksplodere i år. Vi blir no nærast ringt ned av folk som treng å komme seg ut av gjeldsfella, seier han.

– Høgt gjeldsnivå

Professor Ellen Katrine Nyhus ved Universitetet i Agder peikar på at det lenge har vore åtvara mot det høge gjeldsnivået til nordmenn.
– Koronatiltaka har ramma svært ulikt, og det er sannsynleg at dei som har jobba i dei mest utsette næringane, som i reiselivs- og utelivsbransjen og ein del andre tenesteytande næringar, er godt representerte blant dei som har måtta be om gjeldsordning, seier ho.
Ifølgje Dagens Næringsliv skal den gjennomsnittlege behandlingstida for ei gjeldsordning vere 90 dagar, men i Bergen åleine er køen no på 18–19 månader.

– Klarer ikkje å betale straumrekninga

Til Klassekampen seier administrerande direktør Siv Hjellegjerde Martinsen i inkassoselskapet Lindorff at pandemien har auka inntektsgapet mellom nordmenn.
– Den slår ujamt ut på privatøkonomien, og det gir grobotn for auka inntektsforskjellar framover, seier ho, og fryktar at dette vil forsterke det økonomiske klasseskiljet i Noreg viss det held fram.
Lindorffs tal viser ein kraftig vekst i inkasso på telefon- og straumrekningar.
– Det er utgifter som folk ikkje slepp unna. Derfor er det eit spesielt alvorleg teikn at akkurat denne typen inkassosaker aukar fort akkurat no, meiner Martinsen.
(©NPK)

Publisert: 28.01.2021 06:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13