Kraftig Tussa vekst
KRAFT: Tussa leverer svært gode tal for årets fire første månader.
Nytt

Kraftig Tussa-vekst

I løpet av årets fire første månader har Tussa oppnådd eit driftsresultat på 119,3 millionar kroner.

14.06.2019
Auken er formidabel sett i høve til dei fire første fire månadene i fjor. Då var driftsresultatet 29,8 millionar kroner, ein auke på 89,5 millionar.
Omsetninga i dei første fire månadene kom opp i 467,2 millionar kroner, 158 millionar kroner meir enn på same tid i fjor.
- Hovudårsaka til auken i driftsresultatet er auka kraftproduksjon, høgare kraftprisar og lågare andre driftskostnader, seier konsernsjef Elling Dybdal i ei pressemelding.

Tussa ferdig rehabilitert

Det gode resultatet skuldast også at Tussa kraftverk på Bjørke var under rehabilitering i fjor, og stod difor i to månader i første tertial.
Det er Tussa Energi som eig og driv Tussa sine 22 vasskraftverk, som er støre bidragsytar til auken i resultatet, men også Mørenett og Tussa IKT har hatt positiv resultatutvikling samanlikna med 1. tertial i fjor.
Tussa-24 viser lågare resultat, medan Tussa Installasjon viser same resultat som i fjor.

Bra magasinfylling

Mest inntening kom frå eigen kraftproduksjon med 167 millionar kroner, medan 121 millionar kom frå kraftforsyning.
110 millionar kom frå nettsatsinga, medan 64 millionar kom frå IKT og 32 millionar frå installasjon.
Selskapet opplyser i tertialrapporten at tilsiget har vore på 188 prosent av normalen, og at magasinfyllinga ved utgangen av tertialet var på 24 prosent. Det er meir enn normalt.

Osdalen-utbygging

Hittil i år har det vorte gjort investeringar på 49,6 millionar kroner, der mest kjem frå nett med 26,2 millionar.
Men no er det vedtatt å byggje ut Osdalen kraftverk for 70 millionar kroner, inkludert kabel til Kalvatn.
Etter planen skal kraftverket stå ferdig hausten 2020.

Publisert: 14.06.2019 11:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36