Kostnadene til bomselskapa stig
BOMPENGAR: Jon Georg Dale erkjenner at det ikkje har vorte innsparing i bomselskapa.
Nytt

Kostnadene til bomselskapa stig

Bompengereforma til regjeringa skulle gi store innsparingar i administrasjon og rentekostnader, men nye tal viser at kostnadene stig.

20.08.2019
NPK-NTB: Reforma kutta talet på bomselskap i Noreg frå rundt 60 til 5 regionale selskap for å gi meir pengar til veg. Men dei siste tala frå Statens vegvesen viser at kostnadene har stige frå 2017 til i fjor, melder .
Samla driftskostnad steig med 13 millionar kroner, ifølgje rapporten «Foreløpige tall for bompengeinnkreving 2018».
Også den gjennomsnittlege lånerenta til bomselskapa har stige, frå 2,85 til 2,95 prosent frå 2017 til i fjor.

Skuldar på fylkeskommunane

Tidlegare samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) legg skulda for manglande innsparingar på eigarane til bomselskapa, fylkeskommunane.
Også etterfølgjaren hans, Jon Georg Dale (Frp), erkjenner at reforma ikkje har gitt dei store innsparingane.
– Det er nok fleire grunnar til det. Vi har gjennomført ei reform som har hatt nokre kostnader ved seg. Vi må få ut gevinstane i sterkare grad enn vi hittil har gjort.
- Og eigarane til dei fem bomselskapa, som er fylkeskommunane, må no òg stresse selskapa så dei kuttar i administrasjonskostnader, seier Dale.

- Ikkje mykje å spare

Administrerande direktør Marius Maske i bompengeselskapet Vegamot i Midt-Noreg seier at dei er ein liten organisasjon med ei lita leiing, og at det derfor ikkje er så mykje å spare.
I Bergen seier sjefen for bomselskapet Ferde, som dekker Vestlandet og heile kysten ned til Agder, at driftskostnadene no er «omtrent dei same» som før reforma.

Publisert: 20.08.2019 09:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38