Koronastopp for drivstoffsalet
ÅLESUND: Jan Magnus Kleven og Bunker Oil merkar stor svikt i salet av drivstoff, og aller mest i Gudbrandsdalen.
Nytt

Koronastopp for drivstoffsalet

Enorm nedgang rundt E6 i Gudbrandsdalen, litt mindre i nordvest.

03.04.2020
- Ja, vi merkar at biltrafikken har stoppa mykje opp, spesielt når det gjeld privatbilar.
- Det er berre å sjå seg rundt. Det er ikkje mange bilar å sjå.

72 prosent salssvikt

Det seier dagleg leiar Jan Magnus Kleven ved Bunker Oil i Ålesund.
Selskapet har rundt 65 bensintasjonar langs kysten, pluss fem i Gudbrandsdalen.
- I Gudbrandsdalen har det vorte bråstopp i bensinsalet. Sist veke var det heile 72 prosent nedgang i forhold til same veka i fjor, seier Kleven.

40 prosent ned på landsbasis

Selskapet har stasjonar på Nora, Dovre, Otta og Sjoa.
- E6 gjennom Gudbrandsdalen er ei stor gjennomfartsåre, og på grunn av koronakrisa og restriksjonar har folk slutta å flytte seg mellom kommunane eller køyre lange avstander, seier Kleven.
På landsbasis viser statistikken at nedgangen i drivstoffsalet ligg på rundt 40 prosent.
- Vi ligg litt lavare totalt sett. På stasjonane rundt Ålesund er nedgangen berre rundt 25 prosent, seier Kleven.

Som før for fiskeflåten

Derimot er bunkersleveransane til fiskebåtar ikkje minkande.
I tillegg til tankanlegg i Ålesund, har Bunker Oil tankanlegg frå Stavanger i sør til Kirkenes i nord, i alt 25 anlegg.
- Nei, innan fiskeri er det liten koronaeffekt så langt i år, seier Kleven.

Ingen permitterte

Bunker Oil omset drivstoff for over fem milliardar kroner, og er omsetningsmessig det største privateigde selskapet på Nordvestlandet.
Kleven reknar med eit betydeleg omsetningsfall i år, men så langt har ikkje selskapet gått til permitteringar.
- Nei, vi håper at vi slepp det. Vi toler bra ein omsetningssvikt. Det er mange som er i ein langt verre situasjon.

- Merkeleg hytteforbod

Sjølv arbeider Kleven frå hovudkontoret, medan fleire andre har heimekontor.
Han trur på ein kraftig rekyl i drivstoffsalet når situasjonen ein gong normaliserer seg.
- Dette tar slutt ein gong, og folk vil på nytt reise.
Han synst tiltaka frå regjeringa har vore fornuftige, med eitt unntak.
- Eg forstod ikkje heilt dette hytteforbodet. Det var merkeleg. Ein skulle tru at det var bra at flest muleg forlet folketette byar, der smittefaren trass alt er klart størst.
- Heldigvis ser ein ut til å ha kome på litt betre tankar etter kvart.
Sist veke var det heile 72 prosent nedgang i forhold til same veka i fjor

Publisert: 03.04.2020 14:57

Sist oppdatert: 22.07.2021 14:28

Mer om