Koronabrems for Gardsbrenneriet
SATSA I GLOPPEN: Med epler frå eigen gard som utgangspunkt har Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad etablert Gardsbrenneriet i Gloppen og blitt den største produsenten av alkoholhaldige drikkar på Nordvestlandet.
Nytt

Koronabrems for Gardsbrenneriet

Jann Vestby hadde budd seg på eit nytt år med vekst for Gardsbrenneriet, men koronakrisa gjer at han no er nøgd med å kopiere fjoråret.

09.07.2020
Frå 2016 har Gardsbrenneriet i Gloppen auka driftsinntektene med omlag ein million kroner i året. I år var håpet å nå 4,5 millionar, men då koronaepidemien og tiltaka mot den kom forsvann etterspørselen frå hotell og restaurantar og samstundes som folk blei meir forsiktige når dei plukka varer på Vinmonopolet.
No har marknaden betra seg, men Vestby er framleis på etterskot samanlikna med salet på same tid i fjor. Han håpar no at sommaren og resten av året skal gjere at han tek att det tapte, mellom anna ved hjelp av fleire lanseringar av nye brennevinsortar, hard seltzers og sider. Lanseringane kom då koronarestriksjonane var på det strengaste, og dermed fekk Vestby ikkje vist fram produkta som planlagt.
Veksten får vente til neste år.
- Eg skal vere glad viss eg hentar meg inn igjen, seier Vestby.

Kjemikarar satsa på brenneri

Då kjemikarane Synnøve Vik Bergstad og Jann Vestby flytta til Gloppen og tok over hennar heimgard hadde dei alt ein ide om på starte brenneri.

Her lagar dei alkoholfri eplemost, sider (fruktvin), hard seltzer (ein rusbrusliknande drikk) og ulike brennevinstypar, mellom anna basert på epler frå eigen og andre gardar. Dei lagar og brennvin og industrisprit basert på myse, og legg i år på fat det som skal bli den første whiskyen.
Drikkevarer frå garden blei det i 2012, og dei første inntektene å snakke om – 309.000 kroner – kom i 2014-reknskapen.

Brennerivekst

- Dei siste åra har det dukka opp fleire nye brenneri, sa produktsjef Idar Sørensen i Vinmonopolet til NETT NO i fjor. Han har ansvaret for brennevin, sider og øl - kort sagt alt som ikkje er vin.
Brenneri er det siste i ein trend der mindre lokale drikkevareprodusentar veks fra,
Først kom ølbølgja, der det dukka opp små bryggeri på rekke og rad også i Nordfjord og på Sunnmøre. Deretter vaks det fram siderprodusentar og til sist lokale brennevinsprodusentar.

Publisert: 09.07.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59