Korona sette kundar paa gjerdet
UTSETT: Moglege kundar har utsett avgjerder om båtkjøp, og reiserestriksjonar har gjort det vanskeleg å utføre service- og vedlikehaldsoppdrag. Begge deler er ein konsekvens av koronakrisa og går ut inntektene til Martime Partner. I går overleverte Maritime Partner-sjef Peder R. Myklebust og kollegaene overlevert ein ambulansebåt
Nytt

Korona sette kundar på gjerdet

Koronakrisa blei verre enn Maritime Partner-sjef Peder R. Myklebust hadde venta seg.

13.10.2020
- Fleire prosjekt som vi i vår venta skulle avgjerast på forsommaren er enno ikkje avgjort, seier Peder R. Myklebust.
Koronakrisa fekk moglege kundar til å vente med å bestille nye båtar, noko som har reduserte ordreinngangen i år.
I tillegg har reiserestriksjonar gjort det vanskeleg å reise ut til kundar for service og vedlikehald, som har gått ut over inntektene frå ettermarknaden.
Etter fem år på rad med underskot på båtbyggjarane i Breivika i Ålesund hadde Maritim Partner venta overskot med god margin i år. No seier Myklebust det ser ut som om selskapet skal kome ut i balanse, eller eit lite pluss.

Leverte ambulansebåt

I går fekk Loppa Legeskyssbåter i Øksfjord Maritime Partner sitt bygg nummer 2168, ein ambulansebåt (biletet) som skal brukast i Loppa, Hasvik og ytre Altafjord. Båten har to båreplassar og plass til åtte passasjerar i passasjersalongen. Båten har båreheis slik at sjuke og skadde kan hentast ombord både frå lave flytebrygger og høge kaier. Skroget har ein konstruksjons som
Ambulansebåten har eit inntrekkbart vingesystem i baugen for å gi rolegare gange i grov sjø. Systemet er nytt og utvikla av selskapet Wavefoil. Forventninga var at det skulle redusere rulling og stamping med 30 prosent, og så langt ser det ut til å virke enda betre, skriv Maritime Partner i ei pressemelding i samband med overleveringa.

Utvikling kosta

Driftsinntektene auka til det høgste nivået sidan 2014, men 2019 blei likevel det femte året på rad med minus for Maritime Partner. (Sjå resultat-tabell til høgre - på mobil nederst på sida)
- Tala i fjor er prega av veldig mykje utviklingsarbeid og eit par båttypar som ikkje gav dekningsgrad som forventa, seier Myklebust.
To gangar, i 2018 og 2019, har selskapet henta inn meir eigenkapital.

Vurdere båt nummer tre

Den mest oppsiktvekkande båten Maritime Partner har levert dei sist åra er ein sightseiingsbåt med kombinert batteri- og dieseldrift til det nordnorske selskapet Brim Holding.
To slike har Maritime Partner levert, og det kan bli fleire. Dessverre gjorde koronakrisa at reiarlaget ikkje fekk brukt dei som planlagt i første turistsesong, men det har ikkje skremt selskapet frå å utvide flåten med fleire. Avgjerda om å bestille ein til kan bli tatt alt i november sa Agnes Árnadóttir i Brim Holding til NETT NO i august i år.
Les også:

Publisert: 13.10.2020 09:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03