Korona rutene berga ut aaret
UT ÅRET: Samferdsleminister Knut Arild Hareide (innfelt) ha gitt grønt lys til å halde fram med korona-rutene frå fleire flyplassar ut året. 
Nytt

Korona-rutene berga ut året

Det skal framleis vere to fly om dagen mellom Hovden og Oslo, men frå Ålesund blir tilbodet dårlegare. 

18.09.2020
(NPK-NTB-NETT.NO) Regjeringa forlengjer avtalane med Widerøe, SAS og Norwegian om flytilbodet ut året, ifølgje ei fredag ettermiddag.Samferdselsdepartementet har fornya avtalane med Widerøe, SAS og Norwegian, som først vart inngått 25. mars. Avtalen har ein prislapp på nærare 190 millionar kroner.
– Det har heilt sidan mars vore viktig for regjeringa å sikre eit godt flytilbod over heile landet. Det er lange avstandar i Noreg, og for mange er fly som kollektiv å rekne. Gjennom at vi no forlengjer kjøpet av minimumstilbodet, sikrar vi at folk kjem seg til sjukehus og jobb der fly er einaste moglegheit, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Sikra i Hovden - men kuttar frå Ålesund

Det betyr at det framleis skal vere to rundturar mellom Ørsta-Volda Lufthamn Hovden og Gardermoen.
Målet til departementet er at rutene igjen skal kunne drivast på kommersielt grunnlag. Fem ruter blir kutta frå flyrutekjøpet, mellom dei Tromsø-Oslo, Bodø-Oslo, Harstad/Narvik-Oslo, Ålesund-Oslo og Kristiansand-Oslo.
Tilbodet blir styrkt i Vesterålen, og dei daglege avgangane blir auka frå to til tre mellom Stokmarknes og Bodø på grunn av omsyn til pasientreisebehovet mellom Vesterålen og sjukehusa i Bodø og Tromsø.

Stort engasjement

Det har vore stort engasjement kring tilbodet på Hovden-flyplassen, som mange i næringslivet nyttar mykje. Tidlegare i sommar varsla flyselskapet Widerøe fleire rutekutt som følgje av sviktande etterspurnad.
I slutten av august for å diskutere situasjonen. Forumet som er samansett av aktørar frå lokalt næringsliv, kommune, utdanningsinstitusjonar og lokalsjukehus konkluderte med at situasjonen er kritisk og at det hastar å få på plass tiltak.
Utviklingsforumet meiner at staten bør kjøpe fire daglege ruter mellom Oslo og Hovden. Dei vil også at det blir sett ned ei arbeidsgruppe med medlemar frå bransjen og myndigheitene.

Les også:



Publisert: 18.09.2020 17:02

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:26