Korona har gitt auka sal av helseprodukt
PHARMA MARINE: Trass koronautfordringar, går salet av kosttilskot for fullt for Pharma Marine i Søvika. Leif Kjetil Gjendemsjø rosar dei tilsette.
Nytt

Korona har gitt auka sal av helseprodukt

Full produksjon av kosttilskot ved Pharma Marine i Søvika.

26.06.2020
- Vi har klart oss bra under koronapandemien. Våre tilsette har vore svært fleksible og løysingsorienterte, og eg synst også styresmaktene og Mattilsynet har handtert situasjonen fint.
Det seier dagleg leiar, gründer og hovedeigar Leif Kjetil Gjendemsjø ved Pharma Marine i Søvika.
Selskapet omsette i fjor for 178,6 millionar kroner, det høgste nokon gong.
Resultatet før skatt enda på 10,0 millionar kroner, opp frå 5,6 millionar året før.

Bra, trass utfordringar

Gjendemsjø seier at ein vil lande på om lag same omsetning og resultat i år, trass i utfordringar på grunn av korona.
- Vi har fått auka fraktutgifter både på flyfrakt og lasteskip.
- Det har også vore problem med salet fleire stader på grunn av at butikkar har vore stengde, spesielt i enkelte statar i USA.
- Men likevel har vi klart oss bra.

Vil styrke immunforsvaret

Han fortel at fleire av kundane fortel om rekordsal av helseprodukt.
- Koronapandemien har ført til at svært mange menneske er meir opptatt enn vanleg av eiga helse, og spesielt produkt som styrkar immunforsvaret.
- Her kjem blant anna våre kosttilskot basert på omega 3 inn, seier Gjendemsjø.

Avtale med lokale fiskebåtar

Søvik-selskapet får mykje av råstoffet frå fabrikktrålarar som prosesserer fisken om bord.
- Vi har avtale med ei rekkje lokale reiarar. Den fisken dei får om bord er den mest sporbare i verda, noko som også er viktig.
I tillegg hentar selskapet også inn ein del olje frå ansjosproduksjon i Peru.
- Vi har god tilgang på kvalitetsråstoff, seier Gjendemsjø.

Mest muleg i Søvika

Totalt er det 46 tilsette ved bedrifta. Planen er å lage stadig meir ferdige produkt.
- Ja, vi ønskjer å gjere produkta våre mest muleg ferdige i Søvika, heilt fram til dei får etikettane på.
Trass i at salet av omega 3 og andre helseprodukt aukar på verdsbasis, er Gjendemsjø uroleg for konsekvensane av koronapandemien.
Gjendemsjø eig 75,92 prosent av selskapet, medan Omega-3 Invest ved Christer H. Valderhaug eig 16,56 posent.
Andre aksjonærar er Martin Frostad, Ingjerd Lystad og Stian Volstad.
Selskapet har ein samla eigenkapital på 87 millionar kroner, det same som den langsiktige gjelda.

Koronapandemien har ført til at svært mange menneske er meir opptatt enn vanleg av eiga helse, og spesielt produkt som styrkar immunforsvaret

Publisert: 26.06.2020 11:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59