Korona gir auka interesse
STOR VEKST: Dagleg leiar Gunnar Johnsen i GJ Machine har hatt stor vekst dei siste åra og planlegg å tilsette fleire. 
Nytt

Korona gir auka interesse

GJ Machine dobla omsetninga i fjor. No opplever dei auka interesse lokalt for robotisering og automatisering.

Marius Rosbach
02.05.2020
GJ Machine har spesialisert seg på automatisering og robotisering. Etter at dei opplevde ei dobling i omsetninga i fjor, har dei no opplevd auka interesse frå bedrifter i regionen i kjølvatnet av koronakrisa.
– Vi har auka etterspurnad frå lokale bedrifter og har ein del oppdrag som vi ser på no. Spiren til ein del av dette er koronasituasjonen. Fleire vil ha ting gjort raskt og kan ikkje på same vis som før ta inn arbeidskraft frå utlandet, fortel dagleg leiar Gunnar Johnsen til NETT NO.

Har planar om å tilsette fleire

Skodje-bedrifta held til i nye Ålesund kommune ved Furlia Industriområde. Johnsen fortel at fjoråret var spesielt hektisk, der dei gjekk frå det eine store prosjektet til det andre.

– Samtidig har vi klart å fylle ordrebøkene med halvparten av omsetninga vi treng i år. Vi håpar og trur på nokre fleire store kontraktar snart, seier han.
Omsetninga i 2019 enda på meir enn 24 millionar kroner og eit lite plussresultat på botnlinja (sjå tabell til høgre - under om du les på mobil).
På denne tida i fjor var dei ni tilsette – og no er dei tolv. Veksten gjer at dei også har planar om å tilsette fleire folk.
– Vi har planar om at vi skal vere 15 tilsette, men koronasituasjonen har gjort at prosessen er sett litt på hald for augneblinken, seier han.

Ny madrass kvart 44. sekund

Arbeidet til GJ Machine går i første rekke ut på å programmere og planlegge produksjonslinjer, slik at robotane kjem best til nytte. Eit av oppdraga som kravde mest arbeid i fjor, var for Wonderland på Åndalsnes.
Madrassprodusenten gjorde si største investering nokon sinne i ei produksjonslinje med seks robotar, som kan lage ein ny madrass kvart 44. sekund.
Bedrifta blei omtalt som ei av verdas mest framtidsretta i sin bransje i Norsk Industri sin konjunkturrapport for 2020. Johnsen fortel at produksjonslinja har vekka merksemd internasjonalt.

Stort Vartdal-prosjekt

På kundeliste elles står alt frå Nortura til KD Pharma og Protech Sunndalsøra, som er underleverandør til Norsk Hydro.
Vartdal Plast er ei anna bedrift dei har hatt eit lengre samarbeid med. Her har dei levert robotanlegg som mellom anna har på lastebilane.

– Ein annan merkar kassene etter kvart som dei gjer uttak frå lageret, fortel Johnsen.
GJ Machine-sjefen fortel at dei har spisskompetanse på sveiserobotar og hendlingsroboter som kan handtere alt frå ein halv kilo til eitt tonn.
I desse dagar leverast ein ABB-robot som er mellom dei kraftigste ein får i industrien i dag - og den første i sitt slag i Norge. Den kan handtere opptil 1000 kilo, fortel Johnsen nøgd.

Kan konkurrere med lågkostland

Johnsen meiner marknaden er stor – og berre vil vekse framover. Han meiner automatisering er nøkkelen til å kunne konkurrere med produksjon i lågkostland.
Tidlegare har han vist til Ekornes som eit døme på ei bedrift som var tidleg ute med å ta robotane inn i fabrikkane. Det har bidrege til at dei framleis har stor produksjon i Norge.
– Veldig mykje av automatiseringa gjer vi for å få vekk monotone oppgåver. Dei anlegga vi leverer styrkar kundane sin eksistens. Dei klarer å kjempe mot mektige aktørar i lågkostland, sa Johnsen då .
Vi har planar om at vi skal vere 15 tilsette, men koronasituasjonen har gjort at prosessen er sett litt på hald for augneblinken

Publisert: 02.05.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56