Korona ga braabrems men opna ny marknad
BETRE BESØK: – Etter pinse begynte det å piple litt fram, og folk turte å reise litt igjen, fortel Merete Myklebust (innfelt) som driv kurs og overnattingsstaden Meretes Garden i Valldal.
Nytt

Korona ga bråbrems – men opna ny marknad

Venninnegjengar på tur har vore ei typisk kundegruppe for oasen til Merete Myklebust i Valldal. No kjem også bedrifter.

Marius Rosbach
28.06.2020
I det tidlegare gartneriet til faren, har Merete Myklebust bygd opp ein liten oase i heimbygda Valldal. I fjor var verksemda eit greitt levebrød for innehavaren, og ho har gjort fleire investeringar i løpet av det siste året.
– Det har vore litt tøft no, men kanskje var det bra at eg gjorde investeringane då– for etter koronaen slo til, hadde eg truleg ikkje gjort det, fortel ho til NETT NO.
Ting såg betre ut enn noko gong, før pandemien sette det meste på vent.
– Det var meir bookingar enn nokon gong, og eg vurderte å tilsette nokon på fast basis, fortel ho til NETT NO.
Etter den gode starten på året, fekk ho stor svikt i besøket.
– Det har vore månader med nesten null i inntekt. Men nokre yogaworkshop-ar i mai har til eksempel vore viktige. Vi har mykje plass, noko eg trur folk er litt trygt i desse koronatider, fortel ho.

Ny kundegruppe

Merete Myklebust har drive i ti år med kurs og undervisning, og det er fjerde sesongen ho også har overnatting. Besøket har starta å ta seg opp at dei siste vekene.

– No har det gått frå å vere forsiktig besøk i helgane, til at det også kjem folk i vekedagane. Nærområdet med Møre og Romsdal med nabofylka, har vore viktig i denne tida, fortel ho.
Ordtaket om at ting aldri er så galt, at det ikkje er godt for noko, ser ut til å gjelde også i Valldal.
– Eg har begynt å få ei ny kundegruppe frå bedrifter. Til dømes ei leiarsamling som eigentleg skulle til Oslo, som blei nøydd til å finne ein plass i nærleiken i staden, fortel Merete Myklebust.

Tidlegare gartneri

Det tidlegare gartneriet er gjort om til ein «fristad» der gjestane kan kome for å kople av frå kvardagen – eller kople på «seg sjølv». Gjestane kan få gruppetimer i meditasjon, vandretur med mindfulness, coaching eller parterapi.
– No startar det å kome litt meir besøk frå andre delar av landet. Juli begynner å bli ganske bra fylt opp og det piplar inn med gjestar kvar dag, så eg trur juli månad blir bra, fortel ho.
Ho byr mellom også på undervisning og kurs i yoga, som gjerne skjer i det tidlegare drivhuset. Dei besøkande kan nyte massasje og spa, og overnatte i romslege bomullstelt innreia med komfortable senger.
Her er også laga til badehus med sauna, stillerom, ein japanskinspirert hage og meditasjonsrom.

Les også:



Tre kilometer frå sentrum

Kurs- og overnattingsstaden ligg ligg tre kilometer frå sentrum i Valldal, på vegen mot Valldal Aktivitetspark.
– Samtidig som vi ligg for oss sjølv, er det ikkje langt til sentrum og mogleg å nytte restaurantar og andre tilbod rundt.
Ho har nyleg investert i golvvarme i fellesrommet og nytt kjøken. Det var tidlegare eit gamalt pakkhus, som no også kan nyttast til kurslokale.

Samarbeider med andre lokalt

Gjestane kan orde seg mat sjølve, men dei kan også få pakkar med lunsj, middag og kvelds, til eksempel med cateringmat frå Jordbærstova i Valldal. Ho samarbeider også med lokalmattilbod som Surdeigbakeriet på Stranda.

– Eg forsøker å gjere ting enkelt, samtidig som eg gjerne brukar andre tilbod i nærleiken. Om vi kjenner til kvarandre si drift, kan vi by på ei god pakke saman i bygda, fortel ho.
Etter den auka pågangen, har ho investert i nytt telt, slik at fleire av «glampinggjestane» hennar kan få bu åleine. No har ho 15 senger for overnatting.

Yogafestival i juli

Myklebust er spent på korleis avslutninga på sommarsesongen blir i august. Då har det til vanleg vore mange utlendingar som har teke turen. Den kundegruppa er det naturleg nok høgst usikkert om kjem i år.
Yogafestivalen ho arrangerer for tredje året på rad i juli, har iallfall like god påmelding som i fjor.
I september har det starta å kome bestillingar frå grupper. Ei typisk kundegruppe er venninnegjengar på seks til ti personar som vil ha eige opplegg.
– Det dreiar seg ofte om å feire ein fødselsdag, eller ha ein tur saman med nokre andre enn familien, fortel Myklebust.

Les også:





Det har vore litt tøft no, men kanskje var det bra at eg gjorde investeringane då– for etter koronaen slo til, hadde eg truleg ikkje gjort det

Publisert: 28.06.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58