Kontrastfylt sesong for holmesatsing
REVE OG BYGD NYTT: Til venstre stod inntil nyleg det gamle våningshuset på Skotholmen. Delar av huset er teke vare på og bygd saman med ein platting som kan nyttast til servering og scene. I serveringslokalet midt i bilde er det nyleg bygd på i 2. etasje.
Nytt

Kontrastfylt sesong for holmesatsing

Skotholmen i Herøy har gått frå koronastengt, til ein svært god sommarstart. Fleire investeringar er gjort i løpet av det siste året.

Marius Rosbach
11.07.2020
Serveringsstaden Skotholmen ligg bokstavleg tala på ein holme inntil Remøya tvers utfor Fosnavåg. Sidan 2009 har holmen vorte utvikla jamt og trutt. Restauranten vart opna i juli 2016, og det siste året er det teke fleire større grep.
– Vi har bygd ut 2. etasje med møtefasilitetar og moglegheit for lukka lag i autentiske omgjevnader. Vi har fått ny flytebrygge der spisegjestar med eige båt kan overnatte. Vi har også reve mesteparten av det gamle våningshuset. Delar av huset står att og er bygd saman med en utandørs platting for servering og konsertar, fortel Arthur Almestad til NETT NO.
No er det eigentleg plass til kring 150 gjestar til bords i den gamle sjøbua frå 1847, sjølv om det no er avgrensingar som følgje av smitteverntiltak.

Gjort på «hobbybasis»

Almestad leiar eigedomsselskapet Skotholmen AS. Då NETT NO besøker staden fortel Almestad aktørar frå reiselivsnæringa i regionen om arbeidet dei har gjort på «hobbybasis». For meir enn ti år sidan kjøpte han og nokre andre eldsjeler Skotholmen for å skape eit unikt opplevingsprodukt.

– Det har vore ein hobby og ei avveksling frå våre vanlege jobbar. Dei siste åra har vi fått med oss nokre nye aksjonærar. To store kapitalutvidingar, i 2014 og 2018, gjorde oss i stand til å ta det løftet vi no har gjort, fortel Almestad.

Flakk Gruppen største eigar

I tillegg til dugnadsinnsats har det vore mange lokale bedrifter i sving for å gjere Skotholmen til det den er idag.
No er Flakk Gruppen største eigar i selskapet med ein firedel av aksjane, følgt av Stig Remøy sitt SSR Invest og Svein Rune Gjerde via Marin Eiendom. Selskapet har 9,6 millionar i eigenkapital og ei gjeld på knapt fem millionar, ifølgje for 2019.

Bikka fem millionar i fjor

Satsinga er delt i to – eigedomsselskapet Skotholmen AS og driftselskapet Kami Skotholmen der Magnus Bergseth og Ole Jonny Hjelmeseth eig halvparten kvar. Serveringsdrifta bikka i fjor fem millionar kroner i omsetning med eit lite overskott, ifølgje .
– Besøket har vore veldig bra no i sommar, og det ligg an til ein oppgang i juli samanlikna med tidlegare år, fortel kjøkensjef og medeigar i Kam i Skotholmen, Magnus Bergseth, til NETT NO.
Inntektene for serveringsdrifta er meir enn dobla sidan oppstartsåret 2016, og berre eitt år har dei gått i underskott.

Koronastengt

Det er ein «god blanding» av besøkande til Skotholmen, fortel Bergseth. Det er både dei heilt lokale, frå regionen og landet elles. Dei fleste bestiller bord på førehand.

Til vanleg har lukka selskap stått for ein stor del av inntektene, men i år er det ein betydeleg nedgang i talet på bestillingar.
Då koronautbrotet slo til i vår førte det til at avbestillingane rann inn. I løpet av kort tid blei dørene stengt og dei tilsette permitterte. Kontantstøtta dei fekk frå styresmaktene for inntektssvikten for april og mai, var på om lag 45.000 kroner. Det hjelpte litt, men ikkje mykje.
– Situasjonen er annleis, men ikkje så gale likevel, konkluderer Bergseth om sesongen så langt.

Fisk frå Sandsøya

Dei tre heiltidstilsette er tilbake på jobb for å gi dei besøkande gode matopplevingar. Krabbesuppe er ein signaturrett, men kjøkensjefen fortel at dei varierer.
– Fisken får vi frå Sandefisk på Sandsøya. Det er fantastiske råvarer og det er viktig at det kjem frå ein lokal leverandør, fortel Bergseth.
I tillegg har Skotholmen også eige mottaksløyve for fisk og kan derfor ta imot fisk direkte på brygga.
I sommar gler han seg mellom anna til at kapteinen på det norske kokkelandslaget, Christer Rødseth kjem på besøk for å lage mat saman med dei på restauranten.

Betre besøk enn venta

Med ny flytebrygge har det blitt meir populært for båtgjestar, og av og til går det båt i «middagsrute» frå Ålesund, i tillegg til den vanlege «middagsruta» frå Thon-hotellet i Fosnavåg.

Arthur Almestad i eigedomsselskapet er også svært positiv når det gjeld besøket, til trass for at dei går glipp av dei utanlandske gjestane.
– Til vanleg har vi fok frå heile landet og internasjonale gjestar. Vi har også hatt større internasjonale selskap som har lagt lunsjane og middagane sine hit. I sommar har lokal- og regionalmarknaden vore utruleg flinke til å bruke oss, og besøkstala er betre enn vi forventa då vi opna opp at i mai, fortel Almestad.
Han fortel at dei har hatt nesten like godt besøk i juni i år, som i fjor. Bestillingane for juli ligg per no an til å hamne på det doble, samanlikna med fjoråret.

Kan bygge ut meir

Skotholmen opplevast som både gamal og ny. Stilen til det gamle tømmerbygget er vidareført i restaureringsarbeidet. Samtidig er kjøken og toalett topp moderne. Resultatet er blitt eit lunt lokale i tradisjonell stil.
– Vi har teke vare på ein del material frå det gamle våningshuset, slik at det kan nyttast igjen, fortel Almestad.
I tillegg til investeringane som er gjort dei siste åra, har dei sikra seg moglegheit til å utvikle holmen vesentleg meir.
– Då vi kjøpte holmen i 2009 fekk vi regulert eigedomen, og har lov til å bygge 600 kvadratmeter, i tillegg til eksisterande bygningar. Men førebels er det ikkje planlagt noko tidspunkt for det, påpeiker han.
– No skal vi bygge stein for stein, og det handlar først og fremst om å ha best mogleg kvalitet på matopplevingane, som er Skotholmen-prosjektet sitt kjerneprodukt, legg han til.
Det har vore ein hobby og ei avveksling frå våre vanlege jobbar

Publisert: 11.07.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59