Kontraktsrush for Mare Safety
ULSTEINVIK: Nyleg signerte Mare Safety kontrakt med Ulstein Verft på ein båt av denne typen; Mare DC12 Windmill.
Nytt

Kontraktsrush for Mare Safety

Ulsteinvik-baserte Mare Safety fyller opp ordrebøkene og har signert fleire nye kontraktar, både innan båt og bysse.

21.12.2018
Nyleg signerte Mare Safety kontrakt med Ulstein Verft på ein båt av typen Mare DC12 Windmill. Dette er ein båt med tilhøyrande davit, spesiallaga for personelltransport frå servicefartøy til vindmøller.
Båten skal installerast om bord i Bernhard Schulte sitt nybygg, som skal stå ferdig for kunden tidleg i 2020, opplyser Mare Safety i ei pressemelding.

Satsar på offshore vind

Mare Safety har tidlegare levert både redningsbåt og bysse-pakke til dei andre fartøya som Bernhard Schulte har bygd på Ulstein Verft.
- Offshore vind er ein marknad i vekst, og med denne samt tidlegare kontraktar innan dette segmentet er dette eit viktig satsingsområde framover for Mare Safety, seier Torstein Teigene, produktsjef for båt, i pressemeldinga.
Teigene starta i Mare Safety tidlegare i haust, og ser tydeleg at det blir behov for fleire båtar innan segmentet.
Teigene opplyser også at selskapet har ein tilsvarande type båt under bygging som snart skal leverast til det nederlandske verftet Damen.

Bysse og storkjøkken

Mare Safety opplyser i pressemeldinga at selskapet også har styrka sin posisjon i bysse- og storkjøkkenmarknaden med fleire store kontraktar til nybygg framover.
Det er mellom anna bestilt levering til ein stor autolinebåt som er under bygging på Tersan Shipyard i Tyrkia.
I tillegg blir bysser monterte i to pelagiske trålarar, ein på Larsnes Mek. Verksted og ein i Spania på Zamakona Yards.
- Gjennom godt samarbeid med store produsentar innan storkjøkken kan vi tilby gode løysingar både innan maritime og landbaserte segment, seier Alexander Elvanes, produktsjef for bysse i Mare Safety.

Stor Miele-partnar

Samarbeidet med partnar Metos – ein av Europas leiande leverandørar av alt utstyr til storkjøken, gjer Mare Safety til ein komplett leverandør av bysser.
Ein annan god partner for Mare Safety er Miele.
- Slik det ser ut no, vil vi vere Miele sin største partner på utstyr til vaskeri innan proffmarknaden i Noreg for 2018, seier Elvanes i pressemeldinga.

Ny Equinor-kontrakt

Mare Safety har gjennom ein rammeavtale med Equinor levert over 20 redningsbåtar til ulike riggar, og har nyleg hanka inn endå ein kontrakt, ein båt som skal leverast tidleg nste år.
- Desse nye ordrane gjer at ordrereserven for Mare Safety ved utgangen av 2018 er blant det beste nokon sinne sidan selskapet vart etablert i 1999.
- Dette er eit godt utgangspunkt for å gå inn i eit jubileumsår, seier Are Garshol, dagleg leiar i Mare Safety.
Mare Safety omsette i 2017 for 54,1 millionar kroner, og hadde då eit resultat før skatt på minus 0,6 millionar kroner.
Dette var eit dårleg år for selskapet, etter at omsetninga i 2014 var oppe i heile 114 millionar kroner.
Hovudaksjonær i selskapet er Reidar Vågeskar med 35,4 prosent av aksjane.
Over ti posent har også Arnt Skinnes (11,6 prosent) og Kjell Ruud (11,2 prosent).

Publisert: 21.12.2018 15:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30