Kontraktsjubel i Ulsteinvik
GLEDE: To kontrakter på ein dag blei feira hos Ulstein Verft i dag.  - Vi gir aldri opp. Vi har tenkt å bu her, og då må vi ha noko interessant å jobbe med seier Gunvor Ulstein. Th. Tore Ulstein.
Nytt

Kontraktsjubel i Ulsteinvik

Tidleg i januar merka bilforhandlar Frank Hofseth i Ulsteinvik at noko var i gjære. I dag feira Ulstein Verft nye kontraktar.

07.11.2017
- Vi kjem til å passere 20 bilar. Det er godt over det vi har budsjettert med, seier Hofseth i Bilhallen Ulsteinvik om januarsalet.
Det gode salet er ein direkte konsekvens av kontraktane Ulstein Verft markerte i dag, eit serviceskip til offshore vindindustri og ei stor bil-og passasjerferje til Color Line. Til saman er det truleg snakk om oppdrag for i overkant av 1,5 milliardar kroner.


Stemninga er på veg opp i Ulsteinsamfunnet, som saman med Herøy og Hareid er dei kommunane på Nordvestlandet som er hardast råka av oljenedturen, men ei arbeidsløyse på fire- og femprosent-talet.
- Jungeltelegrafen har sagt at det er mykje på gang no, både hos den eine og den andre, seier Hofseth.

Fjør i hatten

Ferjekontrakten med Color Line er førbels ein intensjonsavtale, der Ulstein Verft og reiarlaget forhandlar vidare om en endleg avtale. Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group understrekar at ein intensjonsavtale inneber at partane ikkje er i mål, men ho er samstundes optimistisk til at forhandlingane lukkast.
- Eg meiner det er god sannsynlegheit for at det blir kontrakt seier ho.
Avtalen om å bygge eit vindserviceskip til det nederlandske Acta Marine er det tredje skipet Ulstein byggjer til vindbransjen og viser at Ulstein har lukkast i å vinne innpass i denne bransjen, meiner Ulstein.
-Det bekreftar vår posisjon i vindkraftmarknaden, seier ho.

Omslag

I Regionavisa registrerte redaktør og dagleg leiar Hugo Antonsen stor aktivitet på sosiale media etter at Ulstein-kontraktane blei offentlegjort i går ettermiddag og kveld.
Han meiner oljenedturen var med på å gjere annonsørane meir forsiktige i fjor. Det blei ein negativ spiral der butikkane merka at kundane vart meir forsiktig med pengane, og dermed held dei også att på annonsekronene.
No vonar han på eit omslag.
Regionavisa dekkjer sju kommunar på Søre Sunnmøre, og Antonsen seier at avisa merka ein klar skilnad mellom ytre Søre Sunnmøre og Ørsta/Volda, der næringslivet er mindre oljeavhengig.

Fosen-samarbeid

Den nye ferja Ulstein Verft skal bygge er teikna av skipsverftet på Fosen i Trøndelag, i samarbeid med Ulstein sine eigne designarar.
Ulstein Group har tidlegare sagt at selskapet ikkje er ute etter å auke verftskapasiteten.

Men samarbeidet med Fosen kan likevel opne for noko meir - truleg opp mot designavdelinga i Fosen - for Gunvor Ulsteins svar på eit eventuelt kjøp i Fosen er at det ønskjer ho ikkje å kommentere.

Folk i arbeid

Kontraktane som vart offentlegjort i går betyr at Ulstein gradvis kan ta inn att folk som er permitterte.
Skroget til service- og konstruksjonskipet blir levert i oktober i år, medan skroget til bil- og passasjerferja kjem til Ulsteinvik i starten av 2018.
Det betyr at selskapet har tomrom i ordreboka fram til skroga er på plass.
Ulstein sa på allmøtet og kakefesten for dei Ulstein-tilsette i dag at konsernet arbeider med fleire oppdrag. Ho seier til NETT NO at det både er snakk om større ombyggingar og nybygg.
Jungeltelegrafen har sagt at det er mykje på gang no, både hos den eine og den andre

Publisert: 07.11.2017 11:11

Sist oppdatert: 05.07.2021 08:34