Kontakt mellom Westcon og Kleven bustyret
KONTAKT: Westcon-sjef Øystein Matre (innfelt) stadfestar at dei har vore i kontakt med bustyret i Kleven - men ikkje noko meir.
Nytt

Kontakt mellom Westcon og Kleven-bustyret

Rigg- og skipsverftskonsernet har snakka med bustyret. Westcon såg også på Kleven i førre runde.

Administrator
08.07.2020
Westcon, med hovudkontor i Ølensvåg, har verft i Ølen, Karmsund, Florø og på Helgeland og arbeider både i rigg- og skipsmarknaden.
Det er dette konsernet som skal bygge , ei - og som bygde . Konsernet eig og , som driv fem seismikkfarty og ein fiskebåt.
Per i dag er det snakk om ein avgrensa kontakt med bustyret, understrekar administrerande direktør Øystein Matre til NETT NO.
– Vi har snakka litt med ein som representerte bustyrar, men ikkje meir, seier Matre.
NETT NO spør også om det er avtalt fleire samtalar.
– Foreløpig ikkje, seier Matre.

Var også inne i førre runde

Han stadfestar har Westcon vurderte Kleven i førre runde, som enda med at kroatiske Div Group blei eigar.
- Vi tok ein runde og orienterte oss, og la det vekk, seier Matre.
I følgje Matre er det langt mellom verfta som tener godt no, og marknaden er knalltøff og oppdraga få. Det gjer det svært utfordrande å investere.
– Du tek på ei forplikting på 200 mann, seier han om ansvaret for den som eventuell går inn i Kleven.

Har stadfesta fleire interessenter

Onsdag ettermiddag var det ikkje kome noko vesentleg nytt om buarbeidet sidan seint tysdag.
Bustyrar Bjørn Åge Hamre har stadfesta til NETT NO at det er til å ta over verftet. NETT NO har ikkje fått kontakt med Hamre onsdag for å spørje om Westcon-kontakta.
Hamre starta arbeidet med konkursen allereie i helga, og kom måndag til verftet med to medarbeidarar. Sidan då har dei hatt møter med både tilsette, kreditorar og andre partar.
Tysdag ettermiddag opplyste Hamre at det ikkje var innleia reelle forhandlingar, men at det.

Div Group kasta korta

Konkursen i dei tre selskapa , og var eit faktum etter at dei tidlegare eigarane i Div Group kom på kant med bankane. Då¨selskapa sine konto blei frysne, var ikkje vegen lang til å melde oppbod.
Bustyraren og hans team jobbar no på spreng med å få ei avklaring kring spørsmålet om ny eigar.
Om det ikkje blir løyst innan kort tid, kan også konkursbuet få på plass ei midlertidig leiing som kan drifte verftet ei periode framover. Noko av det første bustyrar vil få på plass, er korleis arbeidet med dei to prosjekta – ein fiskebåt til Nordnes og eit offshoreskip til eit kanadisk reiarlag, skal fullførast.

Fleire eigarskifter

Bakgrunnen for at framtida til den tradisjonsrike verftsbedrifta har vore høgst usikker dei siste åra, er fleire år med underskot og tap.
Hurtigruten kom inn som verftseigar hausten 2017 med brask og bram og Petter Stordalen blei motteke som ein helt då han gjekk langt i å love at det skulle byggjast fleire hurtigruteskip enn MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen ved verftet.
Men problema tårna seg opp i tida etterpå. I fjor sommar blei det kjent at Kleven jobba med ei for ein kjøpar. Det blei spekulert i – italienskeigde Vard, hollandske Damen og tyske Meyer Werf – men ei .
I vinter blei det klart at kroatiske Div Group gjekk inn som ny eigar.

Alt om Kleven-dramaet:







Analyse:




Kleven-tilsette om nytt Div Group-forsøk:


Banksjef i Sparebank 1 SMSN:




Nordnes-reiarlaget bygger på Kleven:





Klubbleiar:







Tillitsvalt:



Verftsdirektøren:





Vi har snakka litt med ein som representerte bustyrar, men ikkje meir

Publisert: 08.07.2020 17:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59