Kontakt med potensielle nye eigarar til Kleven
PÅ VERFTET: Måndag kom bustyrar Bjørn Åge Hamre til verftet saman med medarbeidarane Hege Nilsen og Annie Høgheim Apeland frå advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiik
Nytt

Kontakt med «potensielle» nye eigarar til Kleven

Bustyrar ankom verftet og er i gong med redningsplanen for Kleven. 

Marius Rosbach
06.07.2020
Bustyrar Bjørn Åge Hamre i Kleven-konkursen kom måndag forseinka til verftet. Endring i flytrafikken gjorde at han og følge ankom først ved 13.45-tida.
– I første rekke vil vi forsøke å finne nye eigarar til verftet. Det er lettare sagt enn gjort, seier Hamre til NETT NO då han kom til verftet ved 13.45-tida.
Hamre stadfestar at det er har vore kontakt frå «potensielle interessentar» til buet. Det er aktørar som kan vere villige til å gå inn som nye eigarar av Kleven, men butstyrar påpeiker at det ikkje har vore noko konkrete samtaler om det.

Møtt av HR-direktøren

Hamre vil ikkje seie noko om kven det er. Han vil heller ikkje kommentere om dei tidlegare eigarane i Div Group er mellom dei som har teke kontakt.
– Dette skal vi jobbe med dei neste dagane for å få avklart. Parallelt jobbar vi med å handtere dette som eit samla salsobjekt, fortel bustyraren til NETT NO.
Han påpeiker at dei har lita tid til å avklare den vidare drifta, og at det kan vere snart om berre dagar, før det må vere i boks.
– Vi kan ikkje drive eit verft på kreditors rekning over lengre tid, understrekar han.

Kring 430 tilsette råka

Bustyraren og dei to medarbeidarane hans blei møtt av HR-direktør Magne Gurskevik då dei kom til verftet. Dei vil måndag ettermiddag samle nøkkelpersonar på Kleven når dei kjem fram for å starte arbeidet.
Kring 430 tilsette i Kleven Verft, Kleven Maritime Contracting (KMC) og Kleven Maritime Technology er råka av konkursen. Dei har førebels fått beskjed om å gå på jobb som vanleg.
Drygt 200 tilsette i KMC har ikkje fått feriepengar og løn siste månaden. Mange av desse er i ein spesielt vanskeleg situasjon.
– Vi jobbar intenst med å få svar kring dette. No ventar vi på bustyrar for å få avklart ein del ting, seier HR-direktør Gurskevik i ein kort kommentar til NETT NO før han møtte bustyraren.

Må avklare vidare arbeid

Noko av det første buet treng å avklare, er vidare arbeid på dei to prosjekta som ligg ved verftet. Det er snakk om eit offshoreskip – som , og nye .
Hamre hadde ikkje noko ny innformasjon å kome med tidleg ettermiddag måndag om dette.
Han kunne heller ikkje seie noko meir om kor mykje gjeld det er i selskapa. Det er tidlegare opplyst å vere 300 millionar, men bustyraren har ikkje undersøkt dette nærare.
Det er framleis for tidleg i prosessen til at det blir gjort verdivurderingar kring eigedomane og produksjonsutstyret på verftet.

Rask prosess

Fredag 26. juni vart det kjent at bankane hadde sett foten ned for Kleven fordi dei meiner den kroatiske eigaren Div Group ikkje oppfylte lånevilkåra.
Førre veke var Div Group-sjef Tomislav Debeljak i Ulsteinvik og arbeidde for å sikre at Div Group framleis kunne eige Kleven Verft. Det lukkast ikkje, og om formiddagen fredag 4. juli vart dei tilsette varsla om at styret i Kleven Verft melder oppbod.

Alt om Kleven-dramaet:



Analyse:




Kleven-tilsette om nytt Div Group-forsøk:


Banksjef i Sparebank 1 SMSN:




Nordnes-reiarlaget bygger på Kleven:





Klubbleiar:








Tillitsvalt:



Verftsdirektøren:




Publisert: 06.07.2020 14:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59