Konkurskarantene for tidlegare Naboen eigar
FLEIRE RESTAURANTAR: Både i Ulsteinvik (t.v.), på Larsnes (t.h. nede) og på Hareid (t.h. oppe) har den unge mannen vore involvert i restaurantdrift. Han er ikkje involvert i drifta ved nokre av desse lokala i dag.  
Nytt

Konkurskarantene for tidlegare Naboen-eigar

Den unge mannen har vore involvert i fem selskap som har gått konkurs sidan mars 2017. No har han forbod mot å drive verksemd dei neste to åra.

Marius Rosbach
15.02.2020
I førre veke ila Sunnmøre tingrett konkurskarantene til ein 23-åring som har vore sentral i drifta av fleire Naboen-restaurantar på Søre Sunnmøre dei siste åra. Det betyr at mannen ikkje har lov å drive forretningar dei neste to åra.
Sidan mars 2017 har fem selskap (sjå oversikt under) der den unge mannen har vore involvert, gått over ende på ulike vis.

Ikkje under etterforsking

NETT NO har gått gjennom rapportane frå bustyrarane til domstolen. Dei viser i stor grad manglande rekneskapsføring, manglande skattetrekk og manglande dekning til kreditorar etter restaurantdrifta.
Samla gjeld etter dei fem konkursane er på nær 3,8 millionar kroner. I hovudsak skriv gjelda seg frå restaurantdrift i Ulsteinvik, Hareid og på Larsnes.
Fleire av forholda gir grunn til å mistenke brot mellom anna på bokføringslova, men ingen av forholda skal vere meldt til politiet. Politioverbetjent Linn Breivik Erstad ved økonomi- og miljøavsnittet ved Møre og Romsdal politidistrikt, stadfestar til NETT NO at dei ikkje etterforskar konkursane.
(sjå oversikt over selskapa under)

Bustyrar fekk plastpose med papir

Det er i bubehandlinga for selskapet Naboen Group, at bustyrar Linda Brevik konkluderer med at konkurskarantene er einaste rette rekasjonen mot 23-åringen.
Ho meiner mannen har utvist uforsvarleg forretningsførsel og «må vurderast som ein konkursgjengangar, som det er rimeleg å reagere med konkurskarantene mot», heiter det i ein av rapportane til tingretten.
Det kjem mellom anna fram at innehavaren leverte diverse billag, kassalappar i ein plastpose til bustyrar i samband med arbeidet etter konkursen. Advokaten har konkludert med at det ikkje er midlar i buet til å systematisere desse.
– Eit totalt fråver av økonomistyring over tid, som er tilfelle i denne saka, representerer eit alvorleg brot på sentrale plikter som styreleiar og dagleg leiar i selskap, heiter det i rettsavgjerda.

Innehavar: – Skjenkekutt årsaka

NETT NO har snakka med mannen som fortel at mykje av årsaka til konkursen, var at dei mista skjenkebevillinga ved restauranten på Geilneset i Ulsteinvik.

– Då hadde vi ikkje moglegheit til å drive vidare, seier han.
Han fortel også at papir og billag for drifta er levert, men at det skjedde for seint.
På spørsmål om korleis han forklarar den manglande rekneskapsføringa elles, svarar han at han veit det i første rekkje er hans ansvar, men meiner rekneskapsførar også må dele ansvaret.
På spørsmål om kva han har lært at saka, gir han uttrykk for at Ulstein kommune er en «rasistplass å investere», utan at han laurdag føremiddag hadde utdjupa det nærare.
(saka held fram under)

Les også:




Første oppbod for pizzeria

Allereie i 2015 omtala lokalavisa Vikebladet oppstarten av det første selskapet bustyraren viser til i rapportane (sjå oversikt under) - Aladdin Pizzeria.
Med lokaler i Kyrkjegata i Ulsteinvik heldt selskapet det gåande til det melde oppbod i mars 2017.
23-åringen var styreleiar og dagleg leiar. Etter konkursen var det 30.000 kroner i gjeld. I denne saka blei det verken avdekka moglege straffbare forhold, eller vurdert karantene, ifølgje sluttberetninga frå bustyrar Hege Heian Notøy.

Ny drift på Larsnes

I august 2017 blei selskapet Naboen Restaurant Sande starta opp av 23-åringen og ein eldre bror. Restaurantdrifta på Larsnes blei omtala av NETT NO, men skulle heller ikkje helde lenge.

Selskapet gjekk konkurs under namnet Nur AS i desember 2018.
Selskapet skal ha blitt selt til ei kvinne, og det skal ha vore planar om å drive interiørbutikk, ifølgje sluttberetninga frå denne konkursen. Kvinna har på si side opplyst til bustyrar at ho ikkje var ansvarleg for restauranten som skal ha vore i drift fram til konkurstidspunktet.
Det var ikkje midlar i buet etter krav på om lag 1,6 millionar. Bustyrar Thomas Lundberg avdekka ikkje moglege straffbare forhold, og skriv i sluttberetninga at han under sterk tvil ikkje ville innstille på konkurskarantene i saka.

To nye selskap på Hareidlandet

Månaden etter førre konkurs, blir Naboen Restaurant Ulsteinvik oppretta i januar 2018. Både i dette selskapet - og i Naboen Hareid, som blei starta eit halv år etterpå, er 23-åringen einaste eigar, styreleiar og dagleg leiar.
Desse selskapa er dei siste som gjekk over ende. Tingretten opna konkurs i november i fjor, og nyleg blei begge sakene innstilte fordi det ikkje var midlar i buet til å halde fram.
Ulsteinvik-selskapet som var omdøypt til Naboen Group då det gjekk konkurs, hadde 53 krav mot seg på nær 1,5 millionar. På kontoane stod det null kroner og det var ingen dekning til kreditorane, ifølgje sluttberetninga. Rekneskapsføraren trekte seg i starten av 2019 frå oppdraget og viste til «rekneskapsrotog manglande oversending av bilag», heiter det i sluttrapporten til tingretten.
I Hareid-selskapet var dei 31 krava på samla om lag 680.000 kroner. Etter det bustyrar kjenner til, er det ikkje ført rekneskap for 2019, heiter det i sluttberetninga. Innehavaren har også forklart til bustyrar at årsaka til konkursen skuldast at skjenkeløyve i Ulsteinvik blei inndrege. Han opplyste at det same truleg ville skje i Hareid, og at «det difor berre var å legge ned», heiter det.

Dette er selskapa:


  • Naboen Restaurant Ulsteinvik AS

    (omdøypt til Naboen Group).
  • Starta opp januar 2018 – konkurs november 2019.
  • Naboen Hareid AS

  • Starta opp august 2018 –konkurs november 2019.
  • Naboen Restaurant Sande AS

    (omdøypt til Nur)
  • Starta opp august 2017 – konkurs desember 2018.
  • Aladdin Pizzeria AS

  • Starta oktober 2015 – konkurs mars 2017.
  • Mingo AS

  • Oppretta i mars 2015 – konkurs desember 2018.
  • Registrert under formålet med å bygge og rehabilitere privat og offentleg eigedom i Ulsteinvik-området. I Brønnøysundregistra er det berre tilgjengeleg rekneskap for 2015. Mannen som no er ilagt konkurskarantene, var registrert som stiftar av selskapet.

Les også:



Eit totalt fråver av økonomistyring over tid, som er tilfelle i denne saka, representerer eit alvorleg brot på sentrale plikter som styreleiar og dagleg leiar i selskap

Publisert: 15.02.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53