Konkurs i fallande marknad
TØFF MARKNAD: Follestad Oljeforretning er historie. Marknaden for fyringsolje er meir enn halvert på ti år.
Nytt

Konkurs i fallande marknad

I løpet av ti år har marknaden stupt for bedrifter som Follestad oljeforretning. No er det slutt.

03.03.2015
Den tradisjonsrike fyringsoljeleverandøren i Ørsta har meldt oppbod, og det er opna konkurs i selskapet.
Bustyrar Hege Heian Notøy seier det er så tidleg i bobehandling at ho ikkje har full oversikt over krav og årsaker til at det blei meldt oppbod. Heller ikkje tidlegare dagleg leiar Per Ove Follestad vil kommentere konkursen, men selskapet har slite med lønsemda i fleire år og hadde eit lite underskot både i 2013 og 2012.
(Selskapet skifta namn til Marko Energi før konkursen. Det Buskerudbaserte firmaet Olje og Energisenteret har gått inn og overteke kundemasse og drift).

Tøff marknad

Marknaden Follestad opererte i har utvikla seg svært negativt, sett frå fyringsoljeleverandørane si side.
Frå 2003 til 2013 fall salet av lett fyringsolje frå 912 millionar liter i året, til 337 millionar liter. For parafin fall salet frå 185 til 48 millionar liter, viser tal frå Norsk Petroleumsinstitutt.

Skal bort

Avgifter har gjort det relativt dyrare å bruke fyringsolje, i følgje Norsk Petroleumsinstitutt. Det er ein del av årsaka til nedgangen i forbruket.
Utsiktene framover tyder heller ikkje på vekst for reindyrka fyringsoljeleverandørane. I klimaforliket har styresmaktene signalisert klart at målet er å forby bruk av oljefyring hos private frå 2020.

Trur på avskalling

Dagleg leiar Jan Magnus Kleven hos Bunker Oil i Ålesund - som blant anna sel fyringsolje - seier han trur utviklinga i fyringsoljemarknaden vil føre til ei avskallling i bransjen.
Pr i dag er fyringsolje basert på olje utvunne frå biologisk materiale for dyrt til å være attraktivt for kundane, i følgje Kleven. Teknisk er det berre snakk om mindre tilpasningar for å kunne legge om til bioolje, men volumet må opp og prisen ned før det vil bli eit reelt alternativ i marknaden, meiner Kleven.


Publisert: 03.03.2015 11:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41