Konkurs i Sunsea Seafood
MOLTU: Søre Sunnmøre tingrett har opna konkurs i salsselskapet Sunsea Seafood.
Nytt

Konkurs i Sunsea Seafood

Søre Sunnmøre tingrett har opna konkurs i buet til Moltu-bedrifta Sunnmøre Seafood.

10.09.2018
I april i år sa tingretten nei til eit konkurskrav ettersom tingretten meinte at det ikkje var dokumentert at Sunnmøre Seafood var betalingsudyktig.
Bakgrunn for konkurskravet var manglande betaling for kjøp av fisk frå selskapa Selected, Kjellsea, North Sea Seafood og Platina Seafood.

Krav på 18 millionar

Dei fire selskapa har over fleire år levert fisk på kreditt til Moltu-bedrifta. Samla krav mot kjøparen var på over 18 millionar kroner.
No har tingretten opna konkurs, der advokat Thore Heggen er oppnemnd som bustyrar.
Første skiftesamling er lagt til 19. oktober.
Sunsea Seafood er eit salsselskap, der dagleg leiar Edgar Sandanger og familien eig rundt 80 prosent.

Konkurs i drifts- og produksjonsselskapet

Sunsea Seafood gjekk i 2016 med 0,8 millionar i minus etter ei omsetning på 172,6 millionar kroner. Selskapet har tidlegare hatt gode resultat etter oppstarten i 2013.
Frå før er drifts- og produksjonsselskapet Sunsea slått konkurs. Også her er Thore Hegen bustyrar, og har registrert krav på 41,7 millionar kroner.
Pantekrava er på 23 millionar kroner, der Innovasjon Norge har det største kravet på nær 15 millionar kroner.
Sunsea hadde i 2016 eit resultat før skatt på minus 10,1 millionar kroner av ei omsetning på 80 millionar. Også dei fire føregåande åra var det tap.

Publisert: 10.09.2018 08:40

Sist oppdatert: 15.06.2021 10:30

Mer om