Konkurs i Sunsea
IKKJE GJELDSFORHANDLING: Produksjonselskapet Sunsea fekk ikkje retten med på å opne offentleg gjeldsforhandling. 
Nytt

Konkurs i Sunsea

Retten sa nei til gjeldsforhandlingar i Sunsea. I går blei selskapet slått konkurs.

24.04.2018
Sunsea-eigar Edgar Sandanger ville ha offentleg gjeldsforhandling for å unngå konkurs i drift- og produksjonselskapet Sunsea, men retten sa nei.
Grunnen er at fiskeindustriselskapet ikke betalte inn rettsgebyret på 300.000 kroner innan fristen 20. april går det fram av kjennelsen frå Søre Sunnmøre Tingrett. Pengane skulle finansiere kostnadane med offentlege gjeldsforhandlingar.
, og advokat Thore Heggen er oppnemnd til bustyrar.

Ville selje

Sandanger sa i eit intervju med NETT NO i går at selskapet var viljug til å selje utstyr, bygg og kaier på Moltu for å bli samd med kreditorane, berge selskapet og sikre vidare drift.

Sandanger skreiv i ein epost til NETT NO i går kveld at "Vår vurdering om mulighetene for videre drift og løsning via akkord står ved lag og arbeidet videreføres."

To selskap

Også salsselskapet Sunsea Seafood er begjært konkurs.
Der har kreditorane Platina Seafood på Stranda, North Sea Seafood i Bergen, Kjellsea i Florø og Selected Seafood i Måløy sagt nei til friviljuge gjeldsforhandlingar i samband med krav på tilsaman 18 millionar kroner.

Publisert: 24.04.2018 09:55

Sist oppdatert: 15.06.2021 10:29

Mer om