Konkurrentar blir allierte
FLEIRE OM BEINET: For 15 år sidan hadde Syver Nupen ein konkurrent i Ørsta sentrum. No er der fire sportsbutikkar. No får tre av dei Bjørn Rune Gjelsten som medeigar i kjedeselskapa som leverer varene til butikkane.
Nytt

Konkurrentar blir allierte

Sju Sport1-butikkar på Nordvestlandet blir alliert med konkurrenten.

24.02.2020
I Ørsta har Syver Nupen i Sport1 Ørsta konkurransen frå to butikkar i Intersport/Gresvig-systemet. No får dei delvis same eigarar i kjedene dei er med i.
Bjørn Rune Gjelsten, som eig kjedeselskapet som forsyner Sport 1-butikkane med varer, har kjøpt buet etter konkursen i Gresvig, som forsyner Intersport og G Sport-butikkane. Kjøpet skjer saman med Sundefamilien, som eigde Gresvig før konkursen. Gjelsten og Sunde skal eige det nye kjedeselskapet 50/50, men seier dei to kjedene skal drivas som to sjølvstendige kjeder.
- Lokalt trur eg ikkje det får så store konsekvensar, på kort sikt i alle fall, seier Nupen om at Gjelsten gå inn som medeigar i det som var Intersport/Gresvig-kjeden gjennom selskapet Sport Holding.

Frå to til fire

Konkurransen har blitt tøffare, sjølv om butikken alltid har gått i pluss, i følgje Nupen. For 15 år sidan var det to sportsbutikkar i Ørsta. No er det fire, medrekna ein butikk i Sport Outlet-kjeden.
I tillegg til butikken i Ørsta har Sport 1-kjeden sju butikkar på Nordvestlandet; Sandane, Nordfjordeid, Hareid, Sykkylven, Spjelkavik, Brattvåg og Stryn. Alle har lokale eigarar.
G Sport/Intersport er på plass fire stadar på Nordvestlandet der Sport 1 har butikk; Sandane, Sykkylven, Ørsta og Stryn. Alle desse butikkane er også lokalt eigd.

Overetablering

I pressemeldinga der kjøpet av boet etter Gresvig-konkursen blir offentleggjort seier Bjørn Rune Gjelsten at "det et faktum at det lenge har vært en overetablering av sportsbutikker i Norge, noe som har bidratt til svak lønnsomhet i bransjen."
G Sport/Intersport eigde fleire butikkar, mellom dei G Max på Moa, i tillegg til butikkane kjeda hadde franchise-avtale med.
Dagleg leiar Bjørn Valderhaug i Sunnmøre Sport Holding hadde håpa av satsinga på det som blei kalla Intersport 2.0 skulle bli vidareført etter konkursen. Det omfatta meir satsing på fagkunnskap, spesialisering og ikkje minst ei samanveving av nett- og butikkhandle som også kom butikkane til gode. No trur han den satsinga blir vidareført.
- Det er viktig for oss, seier Valderhaug.
Sunnmøre Sport Holding har ein butikk i Stryn, ein i Volda, to i Ørsta, to i Ulsteinvik og er medeigar i ein butikk i Sykkylven.

Publisert: 24.02.2020 17:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53